Nye opningstider på miljøstasjonen

Banner. På eine sida står ein smilande mann med hermetikkbokser og på andre sida ein sykkel. Teksten er "Før: hermetikkbokser Nå: sykkelramme". - Klikk for stort bilete

Sjøholtstrand Miljøstasjon vil gi eit best mogleg tilbod til innbyggarane og har endra på opningstidene:

Tysdagar og torsdagar er det ope frå kl. 10 til kl. 18 og laurdagsopent når det er sesong for hageavfall.

Ørskog kommune har ein flott miljøstasjon som held til i underetasjen av Brabobygget, vest for Sjøholt sentrum.

 

Opningstider Sjøholtstrand miljøstasjon

Nye opningstider, gjeldande frå 1.1.2017:
 

  • Tysdag og torsdag 10-18
  • Grunna utvida opningstider på tysdagar og torsdagar, vil ein korte ned på laurdagstilbodet i vintersesongen. Miljøstasjonen vil vere open kl. 10-14 på desse laurdagane: 4. mars, 1. april, 6. mai, 10. juni, 1. juli, 5. august, 2. september og 7. oktober
  • Dei held stengt i påskeveka (veke 15) og i sommar i vekene 29 og 30, samt i romjula.



Telefon: 912 43 489

Private husstandar kan kvitte seg med alle typar avfall her.
Restavfall, papir, papp og plast følgjer vanleg renovasjonsrute 

 

Sjøholtstrand Miljøstasjon


Lokalet er flott tillaga med muligheit for å kjøre bilen inn blant containerane som er tydeleg merka. God hjelp får du og.
Ved miljøstasjonen kan du sortere og kaste avfallet ditt, og vere trygg på at det blir teke hand om på ein god måte.
Farleg avfall blir forsvarleg handtert og det øvrige avfallet skal i størst mogeleg grad nyttast vidare til gjenvinning og gjenbruk.
Denne nye ordninga erstattar den tidlegare ordninga med henting av grovavfall to gonger i året.

På miljøstasjonen vert du kvitt det meste, mellom anna:

  • plast
  • metall
  • trevirke
  • elektrisk
  • lysrør
  • gips
  • isopor
  • PCB-vindauge
  • dekk utan felg
  • blybatteri 
  • farleg avfall
  • hageavfall

 

Årim driftar miljøstasjonen

ÅRIM driftar miljøstasjonane i heile Ålesundregionen. Du vil ikkje oppleve merkbare endringar med det første, men på sikt er målet å vidareutvikle miljøstasjonstilbodet.
 


Miljøstasjonkort

Alle hushald har fått tilsendt eit miljøstasjonkort. Med kortet fyl ei kvote som gir rett til å levere 600 kilo avfall utan å betale ved levering. For å bruke av kvota må du vise fram kortet.

Målet er at det skal bli enklare for deg å levere avfallet til trygg behandling. Vi håper du vil oppleve tilbodet som positivt.
 

Du kan levere avfall til alle miljøstasjonane i Ålesundregionen

No når du har fått kort, har du altså eit bevis på at du betaler renovasjonsgebyr. Dette gir deg óg muligheit til å bruke alle miljøstasjonane i Ålesundregionen. Miljøstasjonane har ulike opningstider, dette kan gjere det enklare for ein del å levere avfall.

Her finn du oversikt over miljøstasjonane i regionen.
 


Ein del av renovasjonsgebyret

Kostnadane til kvoten blir innbakt i det årlege renovasjonsgebyret. Renovasjonsgebyret er vedteke av kommunestyret. Der er ulike prisar i kvar kommune.

 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 05.01.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering