Snøbrøyting i Ørskog kommune

Brøyting med traktor - Klikk for stort bilete

Vegvesenet har vintervedlikehald på riks- og fylkesvegane, med tilhøyrande gangveger.

Ørskog kommune har vintervedlikehaldet på dei kommunale vegane, gangvegar og parkeringsplassar. 

Brøyting på dei kommunale vegane utførast av innleigde entrepenørar. For at dei skal få gjort jobben mest mogleg effektivt og kome seg hurtig rundt, er det viktig at der ikkje er mykje hindringar i vegen.

 

Dette kan du vente deg frå kommunen

Brøytinga startar opp når det ligg 7 cm snø eller 4 cm våt snø/slaps og brøytarane vil halde på til dei vert ferdig. Ved store snøfall vil det ta lang tid, og vegane vil mogleg ikkje vere klar til morgonen/ettermiddagen. Det same gjeld om det snør tidleg på morgonen - då ber vi om forståing for at ein ikkje rekk å få brøyta ferdig til innbyggjarane skal på jobb og skule.

Ørskog kommune har ein topografi som ved spesielle høve vil gje store forskjellar i mengde snø. Under slike tilhøve er det krevande for brøytemannskapet å ha kontroll på kor mykje det snør kvar.

 

Kva er ditt ansvar?

  • Har du avkøyrsel, er det ditt ansvar å fjerne brøytekanten der. Klarer du ikkje dette sjølv, må du få nokon til å hjelpe deg.
  • Ved måking, skal snøen ikkje måkast ut på vegar, gangvegar eller fortau, men lagrast på eiget areal.
  • Fjern vegetasjon på eigen grunn som går utover vegen, gangvegen eller fortauet og som hindrar brøyting. Det skal vere 4,6 meter under greinene på tre, også når det er snø.
  • Huseigarar med fortau må halde fortauet framkomeleg, dvs. måke og strø.
  • Ved fare for takras, snø som is, må der sperrast og taket ryddast snøggast råd.

 

Kontakt

Har du spørsmål eller innspel vedrøyrande brøyting, ta kontakt med kommunen anten via telefon 70 16 59 00 eller e-post: post@orskog.kommune.no

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 17.12.2015
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
Teneste (1)
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering