Kulturskulen

Musikkskule 2 - Klikk for stort bilete

Kulturskulen tilbyr undervisning i musikk, sang og biletkunst. Opplæringstilbodet er primært retta mot barn og ungdom.

 

Ørskog kulturskule er lokalisert ved Sjøholt skule og gjev tilbod til omlag 100 elevar. Skulen samarbeider med grunnskulane om praktiske/estetiske prosjekt. Det er og eit nært samarbeid med nabokommunane og det vert ytt tenester til lag og organisasjonar.

 

Generelt om val av instrument

Ulike instrument set ulike krav til eleven. Generelt kan ein seie at born med ei normal motorisk utvikling kan ta til med instrumentalundervisning frå 8-10 års alder. På strykeinstrument kan det vere mogleg å starte tidlegare.

Det viktigaste er likevel at eleven er motivert til å lære å spele eit instrument.

 

Undervisningsform

Vi skil mellom individuelt tilpassa undervisning og gruppeundervisning.

Den individuelt tilpassa undervisninga går føre seg med 1 - 5 elevar til stades. Individuelt tilpassa undervisning er i endå sterkare grad lagt opp etter eleven sine føresetnader enn gruppeundervisning.

Det er ingen fast regel om kor lenge ei undervisningsøkt varer. Dette er ei vurdering kulturskulen må gjere ut frå ressursar og elevane sine forutsetningar.

 

Utleige av instrument

Kulturskulen har nokre fiolinar og ukuleler til utleige. For alle andre er det ei forutsetning at
eleven diponerer instrument sjølv.

 

Ørskog skulekorps 

Vi ønskjer å få ein oversikt over dei som er interesserte i skulekorpset.

Alle som kryssar av i boksen for "skulekorps" vil bli kontakta av representantar for Ørskog skulekorps.

All vidare informasjon om skulekorpset vil då kome frå Ørskog skulekorps. Til vanleg startar ein opplæringa frå starten av 3. klasse.

 

 

Gitar:

Vi har ulike typar som akustisk gitar, el-gitar
og el-bass. For dei yngste elevane våre som ønskjer å ta til med gitar, kan eit godt begynneralternativ vere å starte med ukulele.

 

Ukulele:

Ukulelen er det minste medlemmet i gitarfamilien.
Den har berre fire strengar, og eignar seg godt til å "kompe" song med.

Vi ser også at ukulele kan vere eit "forkurs" til gitarundervisning.


Tangentinstrument:

dette er instrument som piano, orgel, synth. og keyboard. Vi stiller som krav at eleven har tilgang til instrument for øving. Vi aksepterer at ein t.d. har eit elektronisk instrument til øving mens opplæringa vil normalt vere på eit akustisk
piano. Ein skal då vere klar over at det fins mange typar elektroniske tangentinstrument. Det er viktig at eit slikt instrument har normal avstand og storleik på tangentar, og at det har tangentar/mekanikk som er gode/riktige å spele på for eleven. Etter nærare avtale med kulturskulen kan vi også gje opplæring på kyrkjeorgel.


 

Strykar:

Instrumenta er fiolin, bratsj, cello og kontrabass. Utgangspunktet for opplæringa vår er
fiolin. Fiolin finst i tilpassa storleikar for born.

Kulturskulen disponerer nokre få instrument i mindre storleikar og desse er til utleige.

Når eleven vert så stor at det er behov for instrument i full storleik set vi føre at eleven skaffar seg instrument frå anna hald.
 


Song:

Tilbod om individuell undervisning. Tilbodet er særleg egna for elevar frå 10 - 12 års alder.
Innan song fins det ulike retningar. Vi skil tilbodet vårt ved å gje tilbod innan klassisk retta song og innan anna vokalbruk/song.

Eit svært enkelt skilje mellom desse to songtypane gjer vi med seie at "klassisk retta song" går føre seg utan mikrofon.

"Anna vokalbruk/song" nyttar mikrofon. Skriv litt under "Andre opplysningar" om kva du ønskjer.

 

Slagverk:

Vi vil primært tilby grunnopplæring for elevar som ønskjer på eit tidspunkt å spele saman
med andre. Dette kan t.d. vere samspel i skulekorpset eller gjennom eit av kulturskulen sine samspeltilbod.

 


Form & Farge:

Form og farge er eit gruppetilbod. Nedre aldersgrense er sett til 3. klasse. Føresetnaden er interesse for formingsfag.

Tilbodet tek for seg ulike teknikkar innan teikning, fargebruk og keramikk.

Tilbodet vert organisert med tre ulike lærarar som underviser ulike kurs. Det vert leire/keramikk, teikning med blyant/kullstift og fargebruk med akvarellmåling.


 

Samspel:

Vi meiner at det å spele og syngje er ein sosial aktivitet der det er ein fordel at ein er fleire saman. Kulturskulen set saman grupper både av elevar ved kulturskulen og andre elevar.

Utgangspunktet vårt er sjølvsagt å byggje opp rundt elevane våre og gje dei eit godt tilbod.

For komande skuleår vil dette vere ei undervisningsform der vi over kortare eller lengre periodar vil drive med samspel dersom forholda ligg til rette for det.

I løpet av året kan ei av undervisningsformene vere å lage ein CD eller DVD.

 


Ørskog kulturskule sitt forhold til frivillig musikkliv og andre tilbod

Ørskog kulturskule ønskjer ikkje å kome i eit uønskja konkurranseforhold med eksisterande frivillig musikkliv i kommunen. Vi ønskjer derimot å vere til støtte og ta del i samarbeid.

Vi meiner likevel det i prinsippet skal vere høve til å søkje Ørskog kulturskule om elevplass på alle typar instrument.

Vi vil så vurdere søknaden og ta ei avgjerd om vi kan/skal kunne tilby denne elevplassen. Dersom dette er aktuelt, ver då venleg å nytte rubrikken "anna ønskje."

 

Kva anna kan vi bidra med?

Innan dei områda kulturskulen har aktivitet, har kulturskulen god kompetanse.

Vi står gjerne til disposisjon med råd og vink omkring t.d. val av instrument, ved kjøp av instrument, omkring motivasjon av elevane osb.

 

Ta gjerne kontakt med oss!
 


Konsertar

Kvart år arrangerer vi eigne konsertar for elevane våre. I tillegg deltek vi på konsertar i kyrkja , på samfunnshuset og på sjukeheimen.
 


Krav til eleven

Vi ønskjer å vere med å stimulere eleven til å finne den eller dei aktivitetane som passar til han eller henne.

Vi finn det difor naturleg at eleven har lyst til og har interesse for det tilbodet eleven er med på. Vi set i første omgang ikkje krav til eigeninnsats og øving, då elevar som har interesse likevel vil gjere ein eigeninnsats heime.

Enkelte krav set vi likevel:

  • Vi vil ha melding om eleven er forhindra i å møte.
  • Vi vil drive ein skule og vi vil med det ha dei forpliktingane eit godt undervisningstilbod krev.

 

Krav til kulturskulen

Ut frå dei ressursane vi har til rådvelde skal Ørskog kulturskule gje undervisning og yte tenester.

Ved å vende seg til kulturskulen skal brukaren kunne få:
 

  • hjelp og svar på spørsmål som vedkjem brukaren.
  • Brukaren skal ha ein plan som viser når undervisning finn stad. Til vanleg er dette eit fast oppmøte kvar veke. Dersom det vert endringar plikter kulturskulen gå gje varsel om dette på førehand dersom det er mogleg. Kulturskulen kan også avlyse inntil to frammøter pr. semester utan at det vil få verknad for elevebetaling. I periodar kan det vere større aktivitet enn elles. Det kan då vere aktuelt å gjennomføre ei form for avspasering. Elevane vil få skriftleg melding i god tid dersom dette er aktuelt.
     


Kort informasjon for økonomi og rutinar

  1. Kulturskulen følgjer skuleruta for grunnskulen i Ørskog kommune.
  2. Elevkontingenten er fastsett av Ørskog kommunestyre. Ved søskenmoderasjon betaler ein fullt for ein elev, for vidare elevplassar betaler ein satsen for søskenmoderasjon. Dersom ein elev har fleire elevplassar, betalast det fullt berre for den eine plassen. Elevar som sluttar i løpet av semesteret vil vanlegvis ikkje få ettergjeve elevkontingenten.
  3. Kontingenten for gruppeundervisning er sett til kr 3.100,- pr. skuleår.
  4. Skuleåret er delt inn i to semester, og elevbetalinga vert kravd inn mot slutten av kvart semester.
  5. Undervisninga er lagt til Sjøholt skule. Anna undervisningsstad kan vere aktuell i særlege høve. Val av undervisningsstad vert gjort ut frå ei totalvurdering.
  6. Utmelding skal gjerast skriftleg og innan fastsette fristar. (Vanlegvis innan 1. desember for vårsemesteret og 1. juni for haustsemester.

 

Søknadsfristen for Ørskog kulturskule er sett til 20. april.  Søknadsskjema er delt ut til alle elevar i grunnskulen – 1.-7. klasse. Ein kan også få søknadsskjema ved barnehagane. Ein kan også laste ned skjemaet, skrive det ut og sende det inn. (PDF, 192 kB)

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

bilde av Gaute  Aamlid
Avdelingsleiar Kulturskulen
Tlf: 70 16 59 52
Mobil:
E-post  

 

Eksterne lenker
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering