Ny Sjøholt skule

Småskulen sett frå litt avstand. Har grøn plen og grønne busker utanfor, og det ser pent og innbydande ut. - Klikk for stort bilete

Sjøholt skule held mellombels til i andre lokaler, ring: 70 16 59 50.

Detaljregulering for Sjøholt skule og idrettsformål

Her er samandrag av saksutgreiinga, merknader er presentert temavis med illustrasjonar.

Heile saksutgreiinga med vedlegg finn du her.

 

Planforslaget er lagt fram for 2. gongs handsaming og eigengodkjenning. Planforslaget har ligge til ettersyn i 8 veker, og det er motteke 14 merknader.

Hovudtrekka i planforslaget er dei same som ved offentleg ettersyn, største endringa gjeld byggegrense og byggehøgde på skulebygget.

 

Hovudtema i merknadane til planforslaget:

 

1. Utsikt og skugge for naboane i aust

I planforslaget som gjekk ut til offentleg ettersyn var maksimal byggehøgde + kote 18 for å gi rom for nybygg i 2 etasjar. Byggegrensa var sett 4 m frå nabogrensa. Naboane aust for skulen kunne fått redusert utsikta vesentleg mot fjorden i vest om høyringsutkastet vart vedteke, samt fått mykje skugge frå skulebygget på sin eigedom. Følgjene vil vert størst for tre bustader vest for Skogvegen og ein bustad i krysset Skogvegen/Idenvegen.

I planforslaget som no vert lagt fram for eigengodkjenning har rådmannen i samråd med arbeidsgruppa for skulebygget flytta byggegrensa frå 4m frå nabogrense, til 15 m., samt redusert maksimal byggehøgde til kote + 17,5 m. Det høgste av dei eksisterande bygningane, gymnastikkbygget, har ei gesimshøge på kote +17,55. Reguleringsplanen tillet dermed ikkje at bygningskroppen kjem høgare enn det gymnastikkbygget gjer i dag.

     

 

ny skule bilde 1.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

Høgder på hovudetasje og altanar til hus i Skogvegen er innmålte, samt høgder på eksisterande bygg. Ut frå dette har ein vurdert utsikts- og skuggeforhold. - Klikk for stort bileteHøgder på hovudetasje og altanar til hus i Skogvegen er innmålte, samt høgder på eksisterande bygg. Ut frå dette har ein vurdert utsikts- og skuggeforhold.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I tillegg er det lagt inn krav om omsyn til utsiktsforhold for naboane i føresegnene. Konsekvensar for naboane i aust skal også synleggjerast og vurderast i totalentreprisen, slik at det blir eit moment ved val av tilbydar.

Dette skal etter rådmannen sitt syn sikre akseptable utsikts- og skuggeforhold for naboane. Endeleg avstand og byggehøgde vil bli avklart i byggesaka. Ein meiner med dette ein har imøtekome naboane i aust så langt som mogleg utan å legge for sterke føringar for den arkitektoniske utforminga av skuleprosjektet.

 

2. 400 m løpebane

Ørskog Idrottslag ønskjer at det vert sett av areal til 400m rundbane med inntil 6 løpebaner vest for skulen. Dei ønskjer areal til tekniske øvingar innan friidrett, og areal til grasdekke for fotball – minimum 9er-bane. Ørskog IL har ei driftsavtale med kommunen for det kommunalt eigde friområdet vest for skulen, og dei har etablert ei grusbane der. Avtalen er frå 1997 og gjeld i 40 år.

Rådmannen og arbeidsgruppa har i reguleringsarbeidet, og i samband med analyser og arealdisponering for skuleprosjektet elles, grundig vurdert i kva grad og på kva måte ein kan innlemme innspela frå ØIL i planområdet. Den ønska 400m bana er lagt inn på kart og ortofoto over idrettsparken/grusbana. Det er utarbeida slike teikningar også der Ryssebøvegen er forskyvd, slik ØIL foreslår. Ei 400 meters bane er arealkrevjande, og vil legge sterke føringar på plassering av andre føremål i planen. Den vil blokkere for ei eventuell utviding av bygningsmassen vestover. Det vil då ikkje vere mogleg å ta dei omsyn til naboane i aust som er foreslått, og samtidig få eit tilfredstillande uteområde for skulen

 

ny skule bilde 3.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

ny skule bilde 4.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Alternativ plassering av 400 m bane. Den gule skulebygninga er lagt inn berre som illutstrasjon. - Klikk for stort bileteAlternativ plassering av 400 m bane. Den gule skulebygninga er lagt inn berre som illutstrasjon.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

..

 

Rådmannen har innhenta faglege råd frå Helsedirektoratet, Idrettskretsen, Idrettskonsulenten i fylkeskommunen og andre idrettslag med aktivt friidrettsmiljø, og desse råda tilseier at ein i planforslaget ikkje prioriterer plass til  400m bane, men gir plass til eit meir variert uteområde. Referat frå møte med ØIL 13.8.2015

 

Ut frå arealbehovet til ny skule, omsyn til naboar aust for skulen samt ønskje om eit variert og tilpassa uteområde, held rådmannen og arbeidsgruppa fast ved tilrådinga om å ikkje gje rom for ei 400m løpebane. Planutkastet opprettheld i staden det kombinerte føremålet for skule og/eller idrettsanlegg mellom Ryssebøvegen og skulen. Det kombinerte arealet er stort nok til å romme m.a. ei 200 meters løpebane i kombinasjon med ei 110 meters bane og ei 7-er fotballbane, samt akebakke i skråninga mot Skulevegen. Realisering av eit slikt anlegg vil kome både idrettslaget og skulen til gode, og ein vil oppnå eit breitt spekter av idrettsaktivitetar både for skule- og fritidsbruk. Denne løysinga tilseier at driftsavtalen for friområdet må reforhandlast.

Utsnitt av plankartet med illustrasjon av mogleg tilrettelegging med friidrettsanlegg. Med unntak av 400m bane og 9’erbane fotball kan ØIL sine ynskjer oppfyllast innan arealet. - Klikk for stort bileteUtsnitt av plankartet med illustrasjon av mogleg tilrettelegging med friidrettsanlegg. Med unntak av 400m bane og 9’erbane fotball kan ØIL sine ynskjer oppfyllast innan arealet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

3. Hestesportsenteret

Ørskog ride- og køyreklubb sitt anlegg var prioritert flytta ut av planområdet i høyringsutkastet, og merknadane går ikkje imot dette. Rideklubben ser seg om etter anna lokalisering utanom planområdet, og det blir arbeidd aktivt frå rådmannen si side med å få på plass eit alternativ.

 

4. Vegføringar, Ryssebøvegen vest for Lerkelunden og parkering

Det er kome innspel om å legge Ryssebøvegen vest om Lerkelunden for å få betre plass til idrettsanlegg, for å skjerme prestegarden og for å hindre inngrep i tusenårsstaden Lerkelunden.

Planforslaget opprettheld det vegsystemet som ligg i gjeldande regulering, og som vart vedteke med stort fleirtal i 2001, etter ein prosess med arkitektkonkurranse og landskapsanalyse. Analysen  framhevar den samanhengane flata på Presteøyrane som det enkeltområdet som sterkast gir området sitt særpreg og som difor bør haldast ubebygd. Rådmannen held fast på at veg vest for Lerkelunden vil vere eit uheldig terrenginngrep i området.

Det regulerte krysset går meir vinkelrett inn på Prestegardsvegen enn dagens kryss, dette stettar krava til trafikksikkerheit. Ulempen er at austre hjørnet av Lerkelunden blir trafikkareal, krysset kjem nærare prestegarden og fortauet kjem nær Tusenårsstøtta.

Utsnitt av planforslaget med Tusenårsstøtta innmålt. - Klikk for stort bileteUtsnitt av planforslaget med Tusenårsstøtta innmålt.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ein har i planarbeidet lagt vekt på å ta unna biltrafikken til skulen tidlegast mogleg og difor lagt hovudparkering lengst nord i planområdet. Enkelte har merknad om at parkeringsplassen er for stor og dominerande. Parkeringsbehovet er vurdert ut i frå utbygginga som omfattar både større grunnskule og vaksenopplæring. Ein vil redusere ulempene og skjerme prestegardstunet med å etablere ei trerekke langs parkeringsplassen, på sørsida av Prestegardsvegen.

 

Endringar i forhold til planutkastet som låg til offentleg ettersyn:

 

Endringar i plankartet:

Innan byggeområde for undervisning, skuleformål er byggelinja mot aust trekt vestover, frå 4 m frå nabogrense i høyringsutkastet, til 15 m frå nabogrense.

Veglinjene er justerte for Prestegardsvegen, i vest fram til kryss Ryssebøvegen. Dette slik at det samsvarer med bygd veg og fortau, samt for å ta vare på sideterreng og store tre som står like inn til vegen.

Planområdet er utvida litt mot nord for å få lagt inn avkøyring og siktsoner til omsorgsbustadane.

 

Endringar i føresegnene:

Maksimal byggehøgde er redusert frå +kote 18 til +kote 17,5.

Det er lagt inn eit tillegg i føresegnene som seier at  «Ein skal ved utforming av skulebygg ta omsyn til naboane i aust når det gjeld utsikt og soltilhøve. Som del av byggesaka, skal ein illustrere sikttilhøve for husa rett aust for skulen med perspektiv frå digital modell.»

Punktet i føresegnene om omsyn til universell utforming er forsterka.

Det er lagt inn eit tillegg i føresegnene som seier at parkeringsplassen skal tilpassast skulebygget med omsyn til plassering av gangfelt.

Det er lagt inn eit nytt punkt i  føresegnene som seier at det skal etablerast ei trerekke i området mellom Prestegardsvegen og parkeringsplassen. 

Det er lagt inn eit nytt punkt i  føresegnene som gjeld friområdet vest for Ryssebøvegen: Ved eventuell opparbeiding skal det leggjast vekt på å oppretthalde det åpne landskapsrommet, og større flater skal vere grasdekte eller av anna naturleg materiale.

 

I tillegg har arbeidsgruppa for skulebygg bestemt at totalentreprisen skal innehalde krav om visualisering av utsikts- og skuggeforhold for bygningar aust for skulen.

Endringane er ikkje av ein slik karakter eller omfang at det tilseier nytt offentleg ettersyn.

 

Revidert plankart:

ny skule bilde 10.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

.

Innstillinga tilrår å godkjenne planforslaget.

 

 

************************************************

Tidlegare artiklar:

 

Ørskog kommunestyre vedtok i april 2014 å utvide Sjøholt skule til 2-parallell 1-10 skule, dvs. 20 klasser + vaksenopplæringa, ved å renovere eksisterande bygningsmasse og bygge til 600 m². Dette skulle gjerast innafor ei kostnadsramme på 70 millionar kroner  inkl. mva.

Vidare planlegging og kartlegging viste imidlertid at 70 millionar ikkje ville vere nok. Men at naudsynt renovering av eksisterande bygningsmasse ville kome på 80 – 100 millionar kroner, uteområde ikkje medrekna. Sidan noverande skule blei bygd, i 1972, har der vore kraftig skjerping  av krava til skulebygningar.  I estimert kostnad var då krava i teknisk forskrift (TEK 10) ikkje lagt til grunn fullt ut. Krava til universell utforming og særleg krava i forskrift om miljøretta helsevern, gjer at det må omfattande renovering til for å oppfylle desse krava. I kostnadsberekningane blei det teke med det som var naudsynt for å oppfylle gjeldande lover og forskrifter, medan oppussing av slitne lokale ikkje var med.

 

Programmeringa viste også at behovet for tilbygg for å kunne romme 2-parallell 1-10 skule samt vaksenopplæringa var på 2000 m², - ikkje 600 m² slik vedtaket la opp til.

 

I arbeidet med prosjektet så langt har det vore nytta to uavhengige konsulentfirma; Rambøll og ART arkitekt- og ingeniørfirma. I tillegg har Norconsult gjennomført ein tilstandsanalyse av eksisterande bygningsmasse. Samla kostnad for renovering og tilbygg blei av ART estimert til 175 millionar kroner inkl. mva. Rambøll sine kostnadsberekningar primo 2014, som var på eit meir overordna nivå var på 182 millionar kroner  inkl. mva.

 

Berekningar viste også at den årlege kostnaden for kommunen ville vere lik eller lågare om ein valde å rive eksisterande bygningsmasse og setje opp eit nytt skulebygg. Dette på grunn av ulik nedskrivingstid på nybygg vs. renoverte bygg. Ein tilleggsgevinst ville sjølvsagt vere at ein då ville få eit funksjonelt bygg tilpassa moderne skuledrift.

 

I saka som kommunestyret fekk seg forelagt, var der utgreidd 5 alternativ:

 

A. Renovering av eksisterande bygg, ikkje nybygg. Kostnad 80-100 millionar kroner.

 

B. Utviding av skulen til 2-parallell, utan å gjere noko med eksisterande bygg. Kostnad 75-90 millionar kroner.

Alternativ A og B vart av arbeidsgruppa vurdert som ikkje reelle løysingar. Alternativ A fordi det ikkje vil gi skulen betre rom-kapasitet, og alternativ B fordi eksisterande bygg må renoverast.

 

C. Utbygging til 1,5 parallell, med muligheit for seinare utviding til 2-parallell. Prosjektkostnad 165 millionar kroner inkl. MVA. Kostnad ved seinare utviding til 2 parallell er rekna til 15 millionar kroner. Samla prosjektkostand vil då verte 180 millionar kroner.

 

D. Renovering av eksisterande bygg, samt utviding (nybygg) til 2 parallell. Prosjektkostnad 175 millionar kroner inkl. MVA. Årleg finanskostnad i eit 20/40 års perspektiv: 8,1 millionar kroner etter mva-refusjon.

 

E. Nybygg 2 parallell på eksisterande tomt. Prosjektkostnad 213 millionar kroner inkl. MVA. Årleg finanskostnad i eit 40 års perspektiv 7,8 millionar kroner etter mva-refusjon.

På grunnlag av dette gjorde kommunestyret i februar 2015 vedtak om å bygge heilt ny skule på Sjøholt med plass til to parallellar frå 1. til 10. klasse, samt lokale til vaksenopplæringa.

Der er utført LCC-berekning (LCC = Livs syklus kostnad) for alternativ D og E. Sjå vedlegg til kommunestyresaka «Økonomi og LCC-beregning».  (NB! I dette dokument er momsrefusjonen ikkje teken med.)

 

 

 

Kommunestyresak 029/14, 10.04.14 (Vedtak om å renovere + nybygg 600 m², kostnad 70 mill)

Kommunestyresak 007/15, 12.02.15 (vedtak om å bygge ny skule)

 

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
Meir informasjon (1)
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering