Symjebassenget

Ei jente svømmer under vatn. Ho kikkar rett inn i kameraet og smiler. - Klikk for stort bilete

Sidan symjebassenget er inne på byggeplassen til ny skule, vil det måtte vere stengt i perioden som skulen er under bygging.

 

 

For å kompensere for denne perioden og tilby symjing til familiane i kommunen, var bassenget opent for familiebading to ettermiddag/kveldar i veka heile våren 2016. Eit tilbod som ein del nytta seg av.

 

Kompetansemål for symjeundervisninga

Symjeundervisninga er regulert gjennom Læreplan for grunnskulen.

Symjeopplæringa er ein del av kroppsøvingsfaget og har kompetansemål for kvart av hovudtrinna. Læreplanen inneheld ikkje noko som tilseier eit visst tal timar med symjeundervisning kvart skuleår. Derimot er det kompetansemåla for faget som seier kva ferdigheiter eleven skal ha ved slutten  av kvart hovudtrinn.

I Ørskog er til dømes konkretiseringa av kompetansemåla for utgangen av 4. klasse at eleven skal kunne:

  • symje 25 meter på ein trygg og god måte
  • kunne hoppe frå kanten på djupna, symje ut, rotere i vatnet og symje tilbake
  • hente opp ting frå botnen på grunna.

 

Læringstid

Norges svømmeforbund har rekna ut at eit barn i snitt treng 40 timar i vatn for å lære å symje på ein slik måte som før omtala. Det er også dette timetalet Fylkesmannen tek utgangpunkt i ved tilsyn med om kommunen har eit forsvarleg tilbod til elevane når det gjeld symjeopplæring. Det betyr at dersom kommunen tilbyr 40 timar symjeopplæring i løpet av dei fire første åra, så vil dei fleste av elevane kunne nå kompetansemåla for det som gjeld for 4. klasse.

 

Om behov for ekstra tilrettelegging

Men kommunen har også eit ansvar for å tilpasse opplæringa til en einskilde eleven, - og elevar som ikkje får tilfredsstillande utbytte av den ordinære undervisninga, vil har rett på ekstra tilrettlegging. Dette gjeld også i høve symjing.

Konkret betyr dette at ein må sikre at elevar som går ut av 4. klasse i løpet av dei to åra bassenget er stengt, har nådd kompetansemåla, og om nødvendig må kommunen tilby ekstra undervisning ved andre basseng.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 22.09.2016
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering