Søk på heimesida

informasjon. - Klikk for stort bilete

Når du er inne på ein artikkel på heimesida til Ørskog kommune, står det nedst "Fann du det du leitte etter?" Vi får mange tilbakemeldingar, og det takkar vi for!

Mange kryssar heldigvis på at dei finn det dei leita etter, medan andre igjen ikkje gjer det. På kommunen si heimeside er det mykje informasjon som er samla. Her skal de få nokre tips om korleis betre navigere inne på sida.

 

Fleire menyar og lenker

Når du står på hovudsida, har du fleire menyar og lenker du kan klikke deg vidare inn på:

  • Øvst oppe vannrett er hovudmenyen. Ynskjer du t.d. å sjå når dei ymse utvala skal ha møte og sakslista til dei, går du på politikk - møteplan/sakspapir - og vel den aktuelle datoen. Sakspapira skal vere klare ca. ei veke i forvegen.

Går du på tenester, finn du veldig mykje informasjon som ligg inndelt i kategoriar.

Frå postlista kan du sjå utgåande og innkomande brev og kven som har sendt dei. Du har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument.

  • Under hovudmenyen, er karusellen der dei nyaste sakene ligg. Etter kvart som dei vert bytta ut, vil dei legge seg under aktuelt.

 

  • Til høgre for karusellen, loddrett, er ein meny med snarvegar, som er fin å nytte om du til dømes vil sjå ledige stillingar eller nytte sjølvbetening til ymse skjemaer (t.d.: fritak frå kommunale avgifter, skjenkeløyve, legat eller pleie- og omsorgstenester). Merk at Skule, SFO og barnehage har i 2016 teke i bruk eit nytt fagsystem. Søknader skal sendast via systemet sin søknadsportal https://orskog.ist-asp.com  NB! Ikkje logg inn før du har fylt ut søknadsskjemaet.
  • Merk at utlyste stillingar ikkje vert liggande etter søknadsfristen er gått ut.

     
  • Under karsullen, vassrett, er ein anna meny med snarvegar som har noko av det same som i hovudmenyen, der du kan gå direkte til t.d. kultur, idrett og fritid. Då kjem du inn på ei side med generell omtale og vel frå menyen til venstre for å lese meir om fiskekort og andre aktualiteter.

 

"Kva skjer?" og eksterne linkar

Det er mykje som skjer i Ørskog. Kinoprogram, konsertar og andre hendingar finn du under "Kva skjer?" som er plassert nedst i venstre hjørne. Vi vil spesielt oppmode lag og organisasjonar å registrere seg, for deretter å legge inn hendingar ein arrangerer og som vil bli liggande godt synleg på heimesida vår.

 

Nedst i høgre hjørne er det direkte linkar til mellom andre fylkesmannen og fylkeskommunen.

 

Søkefunksjonen

- Ørskog er ein nynorskkommune. Vi har prøvd etter beste emne å skrive søkeord på både nynorsk og bokmål for at treffa skal bli best mogleg. Om du skriv bustøtte eller bostøtte, kjem det fram same artikkel, men det kan skje at vi ikkje har tatt høgde for bokmålsordet du skriv inn.

- Ikkje skriv mange ord i søkefeltet. Om du søker etter e-post adresse til leiar av kulturskulen, skriv "kulturskule" i søkefeltet. Du får då opp ein artikkel om Ørskog kulturskule, og i botn av den står det kontaktperson, namn og ein konvolutt du trykker på for å få fram e-postadressa.
Vil du bestille deg større papirdunk, skriv "papirdunk" eller "renovasjon", gå inn på artikkelen om renovasjon og slam og følg linken i teksten.

 

I tillegg:

  • Du finn ikkje direktenummer til alle tilsette i Ørskog kommune inne på heimesida. Vil du ha nummeret eller e-postadressa til ein lærar, tar du kontakt med einingsleiar eller sekretær på skulen. Eller Sørviskontoret på tlf. 70 16 59 00 / post@orskog.kommune.no - vi kan hjelpe med det meste.
  • Alle brev til tilsette i Ørskog kommune, skal adresarast til rådhuset. Alle einingar har posthylle på Sørviskontoret og hentar breva sine her.
Ørskog kommune
v/ XX
Øyravegen 11
6240 Ørskog

 

  • Kommunal sjanger er ikkje alltid så lett å orientere seg i. Om du ynskjer å vite prisane på renovasjon, kan du gjere eit av 2: 

1. Anten skriv du"betalingsregulativ" eller "kommunale avgifter" i søkefeltet og opnar artikkelen derifrå

2. Eller du vel tenester frå toppmenyen, og under fana bustad og eigedom, vel du kommunale avgifter.
 

  • Tilbakemeldingsknappen ("fann du det du leitte etter?" ja/nei og kommentar)er anonym. Om du ynskjer tilbakemelding/svar på eit spørsmål, må du skrive ned anten namn, telefonnummer eller e-postadresse.
     

Men viktigst av alt; fortsett å gi oss tilbakemeldingar og, om du ikkje finn fram, ta kontakt med oss på Sørviskontoret - vi hjelper deg!

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 20.09.2016
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
Artikkel (1)
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering