God helse-trim

onsdag 4. desember 2019, 11.00 - 12.00

Informasjon

god h.jpg

 

Kvar onsdag (med unntak av ein lang jule- og sommarferie) er det trening på fysiotrimmen frå klokka 11 til 12. 

 

Trimmen er open for alle. Dei som har eit medlemskap i fysiotrimmen, betaler ingen ting, medan dei som ikkje er medlem, betaler 100 kroner per gong.

 

Trim som passar deg

Her trenar du som det passar deg; anten om du vil ta i litt, eller om du vil ha lavare intensitet. I eine salen held dei på med sirkeltrening, som er ganske likt treningsprogrammet på hjarteavdelinga på sjukehuset. I andre salen er det tredemølle, syklar og roing - mellom anna. Instruktørar er Liv Astrid og Tom Ek.

 

 

Kven er det for?

Dette er eit lavterskeltilbod som er opent for alle. Sjølv om flesteparten av dei som går der, er mellom 40 og opp til 80 år, kan også dei som er yngre sjølvsagt kome. Etterpå er det kaffi på frivilligsentralen. Her får ein altså to fluger i ein smekk: både fysisk trening og sosialt samvær.

Kom og test det ut! Du treng ikkje melde deg på, berre møt opp ein onsdag (juleferie frå midten av desember), og sjå om dette er noko for deg.

Stad

- Sjøholt sentrum
 

Kontakt

Ansvarleg

Gunnhild Todal
 

Legg til hendinga i din kalender
Fann du det du leitte etter?

Filter

Søk

 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering