Ørskog Idrottslag

Ørskog Idrottslag (ØIL) vart skipa 24. februar 1918. Laget vert såleis 100 år i 2018.
Laget sine lover vart fornya gjennom vedtak i laget 10. nov. 1986 - endra seinast 13. mars 2003.

I §1 finn vi følgjande føremålsordlyd:
"Laget skal ved samarbeid og kameratskap arbeide for å fremje idrett i sunne former."

Laget har gjennom dei åra som ligg bak, vore organisert på ulike måtar.
Ørskog I.L. prøver å femne breitt og få til tilbod om fysisk aktivitet for innbyggjarar i Ørskog - med hovudvekt på aktivitetar for barn og unge. Gjennom dei 95 åra som ligg bak, har nok skiaktivitetane vore til tider dominerande. Laget har hatt fleire utøvarar som har hevda seg godt langt utover eige lag. I dei seinare 10-åra har likevel fotballen engasjert flest - særleg mellom dei yngste. I dag har laget tilbod om eit breitt spekter av aktivitetar.
I 2014 (mai 2014) har ØIL 7 undergrupper skipa i høve ulike idrettsgreiner og aktivitetar.
• Fotballgruppa: Leiar Ireen Sjøholt
• Idrettsskulen (for dei yngste) Leiar Annbjörg Gjerde Ramsvik
• Ski-/trimgruppa: Leiar Emma Karoline Hanssen
• Cherleadingruppa:Harry Klein Hulse
• Volleyballgruppa: Leiar Anne Grete Refsnes
• Friidrettsgruppa: Leiar Kjell Petter Braute
• Sykkelgruppa: Leiar Kjetil Ramsvik
Leiarane i dei 7 gruppene saman med arbeidsutvalet utgjer hovudstyret for laget.
Siste tilvekstane til aktivitetar er: Friidrett og sykkel. Desse kom på plass i 2012.

Arbeidsutval 2014/15 (fram til årsmøtet mars 2015):
• Leiar: Ragnar Bakken - e-post: ragnar.bakken@stayon.no
• Nestleiar: Jan Petter Övstedal
• Kasserar: Tone Oliv Misund
* Sekretær: Tine J. Steinset
• Styremedlem: Merete Refsnes
• Varamedlemmer: Caroline Vestre - Per Even Brautehaug
Ved årsskiftet 2014/15 hadde laget 535 medlemmer. Flott!
Ein vesentleg del av desse er barn og unge.
Laget har plass for fleire medlemmer - både aktive og dei vi gjerne kallar støttemedlemmer.
Kontingent for 2014 er 50 kr + aktivitetstillegg som gruppene sjølve vedtek.
Fullføring av Ørskoghallen var det store løftet fram til 2008. ØIL stilte med 5 millionar innsamla midlar og ca 5000 dugnadstimar tilsvarande 1,5 mill.
Hallen er no i bruk og offisiell opning var våren 2009. Eit svært stort aktivum for ØIL og innbyggjarane i kommunen vår
Takk til kommunen som har satsa på idrettshall!
Takk også til alle bidragsytarar som gjorde dette prosjektet mogeleg å realisere.
Etter nokre år med førebuande arbeid vart kunstgrasbane bygt på den gamle grasbana frå 1978.
Anlegget vart teke i bruk hausten 2010. Offisiell innviing var i august 2011. Ørskog I.L har stått for ca 1,8 mill av kostnadene (totalt 7,3 mill). Her er det også rett å takke alle bidragsytarar for økonomisk bistand og stå på vilje saman med dugnadsarbeid.
Det nye, store prosjektet for ØIL er no utbygging av anlegg for friidrett. ØIL har gjennom vedtak på årsmøtet 2012 gjort sine prioriteringar. Saka er oversendt Ørskog kommune for vidare handsaming. Laget ventar på ei rask og positiv handsaming i kommunale organ slik at vi snarast kan kome i gang med bygginga!
Har du spørsmål, idear og framlegg i høve drifta av ØIL ta gjerne kontakt med oss:
Leiarane i gruppene kan kontaktast direkte - eller du kan kontakte leiaren i ØIL:
Ragnar Bakken - 70 27 00 63/902 05 435 – mai


Oppdatert pr mai 2014 v/Ragnar Bakken – leiar ÖIL -
Ørskog IL – si heimesside:

www.orskogil.no Bruk og besøk denne sida !


Murerane - supporter heimeside via heimesida.

Hovudorganisasjon NIF
Krins: Møre og Romsdal
Adresse Kontakt Kategori
Ørskog Idrottslag
Pb 92
6240 Ørskog
Ragnar Bakken
Telefon: 902 05 435
Aktivitetar
Kontaktpersonar
Aldersfordeling
Alderstrinn 0 - 6 7 - 12 13 - 16 17 - 25 25+
Tal på medlemmer 0 0 0 0 0
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering