Alle stabs- og kommunalsjefar på plass

Organisasjonskart med bilder - Klikk for stort bilete

Alle stabs- og kommunalsjefane i nye Ålesund er tilsette.  Dei siste fem er på plass etter ekstern utlysing og direkte overføringar av stillingar.

I to av stillingane blei tilsettinga gjort etter ekstern utlysing:

 

- Vivian Dyb (51), kommunalsjef for barn, familie og integrering

Dyb har bachelorgrad som barnevernpedagog og Master in Public Administration, Høgskolen i Nord-Trøndelag/Sør-Trøndelag og Copenhagen Business School, 2014. Ho har vidareutdanning innan barnevern og innan leiing i helse og sosialtenesta.

Etter fleire år som barnevernskurator, vart ho i 2001 teamleiar for barneverntenesta, helsestasjonen og teneste for barn med funksjonsnedsetting.  Stillinga har ho hatt fram til 2015 med ulik organisering.  Deretter har ho vore barnevernleiar (samla barnevernteneste) for Ålesund kommune kun avbrutt i 2 år då ho var einingsleiar barn og unge på Svalbard.

 

- Helge Veum (43), stabssjef for teknologi og innovasjon

Veum er utdanna på masternivå med 2 ulike mastergradar: Master of Business Administration, University of the South Pacific, Suva frå 2009 og Master of Information Technology, Queensland University of Technology, Brisbane frå 2002. Han er også høgskoleingeniør, Teleteknikk frå Høgskolen i Oslo, Avdeling for Ingeniørutdanning, 2001.

Av erfaring har han m.a. jobba i Datatilsynet i over 13 år, sist som avdelingsdirektør. Helge Veum er no tilsett i 3-årig prosjektkoordinatorstilling i nye Ålesund for IKT og digitalisering.

 

Intern kartlegging

I ei stilling blei det tilsetting etter intern kartlegging:
 

- Irene Kalstad Aase, 49 år

Aase er i dag leiar for politisk sekretariat/bysekretær i Ålesund kommune, ei stilling ho har hatt sidan mars 2015.  

Irene Kalstad Aase er utdanna sosionom frå Høgskulen i Volda, 1997.  I tillegg har ho vidareutdanning i boligsosialt arbeid frå Høgskolen i Sør-Trøndelag og 1. avdeling juridicum frå Universitetet i Oslo.

Aase har vore tilsett i Ålesund kommune sidan 1998 med eit opphald på ca 2 år.  Ho har hatt ulike stillingar i kommunen, som sosialkurator, økonomikonsulent og som teamleiar bestillar/rådgivar.  I dei 2 åra ho ikkje var i kommunen, arbeidde ho hos namsmannen i Ålesund, Ålesund politistasjon.  

 

Direkte tilsetting

I to av stillingane var det direkte tilsetting fordi det ikkje var andre i same stilling som konkurrerte internt:
 

- Olav Aarø (53), kommuneadvokat

Aarø er i dag kommuneadvokat og teamleiar for kommuneadvokatkontoret i Ålesund kommune. Han har stort sett heile si erfaring frå offentleg verksemd.  Han har arbeidd innan politietaten som politiadvokat i perioden 1996 - 2002, før han starta i jobben som kommuneadvokat i Ålesund kommune i 2002.  Olav Aarø er godkjent advokat.  Han har master i jus frå Universitet i Oslo, 1993.  I tillegg er han bedriftsøkonom frå BI i Ålesund, 1988.  Han er halvvegs i studiet i master i ledelse, NHH.

 

- Anne Bente Skjellum (51), kommunikasjonssjef

Skjellum er i dag kommunikasjonssjef i Ålesund kommune.  Ho er fram til 1. januar 2020 lånt ut til prosjektorganisasjonen nye Ålesund som ansvarleg for kommunikasjonsarbeidet i prosjektperioden.

Anne Bente Skjellum er utdanna journalist frå Høgskulen i Volda, har fransk mellomfag og jus 1. avdeling/grunnfag og nordisk grunnfag frå Universitetet i Bergen.

Frå 1996 – 2012 var ho tilsett i ulike stillingar innan mediebedrifter som journalist, vaktsjef og programleiar.  Deretter var ho i ca 2 år tilsett som kommunikasjonsrådgivar i Norges Korforbund.  Frå 2013 har ho vore kommunikasjonssjef i Ålesund kommune.

Desse tilsettingene er gjorde frå før.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 26.03.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering