Amdam sør - stadfesta reguleringsplan

 Capture.JPG - Klikk for stort bilete

 

Reguleringsplan for Amdam sør er stadfesta av Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Vedtaket er endeleg og kan ikkje påklagast.

Publisert av Åse Karin Finnøy Gjære. Sist endra 29.08.2019

Reguleringsplanen vart vedteken første gong av Ørskog kommunestyre 22.03.2018 og kunngjort 09.04.2018 med informasjon om klagerett. Kommunen mottok to klagar, den eine frå eigar av 83/72 som ville ha endra plassering av snuhammar. Endringa av plankartet er gjort i samråd med eigar og berørte naboar, og snuhammaren har fått ny plassering på same eigedommen. Endra plan er vedteken av kommunestyret 21.02.2019.

Den andre klagen gjaldt plassering av snuhammar og ønske om forskyving av planlagt tilkomstveg. Kommunen tok ikkje klagen til følgje, og den er no handsama av Fylkesmannen som er klageinstans. Klagen er ikkje teken til følgje, og planen er derfor stadfesta slik kommunestyret vedtok den.

 

Reguleringsplan for Amdam sør - 3.gongs handsaming (PDF, 528 kB)

Vedtak i klagesak (PDF, 252 kB)

Amdam sør - plankart (PDF, 2 MB)

Amdam sør - planomtale (PDF, 3 MB)

Amdam sør - føresegner (PDF, 674 kB)

Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering