Arkeologisk registrering

På vestre side ser vi huset og handelsbuda til Teodor Bang Flindt. På høgre side ser vi huset til bakar Pedersen. Inste enden hadde ein periode redusert høgd med skråtak. Det vart seinare bygd oppatt i full høgde slik det opphaveleg hadde vore. Dette er eit postkort, og vart sendt frå Trondheim i 1908 frå Ole Egge til Tore Gjære.Fotograf: Ole Egge f. 1872Eigar: Tore GjæreInformant: Tore GjæreLokal registrering: Tore Gjære 01.03.00 - Klikk for stort bilete

 

Møre og Romsdal fylkeskommune melder om at dei vil arbeide med arkeologisk registreringar i Sjøholt sentrum, i vekene 37-40. 

Registreringane er førebuande arbeid for å kunne utarbeide forslag til reguleringsplan.

Alle grunneigarar er varsla i brevs form. 

Registreringane er i utgangspunktet ei «prøvegraving». Desse kan bli utført med prøvetaking med spade der dette er mest eigna, og andre stader, som på større flater, med gravemaskin. Etter at flateavdekkinga er gjennomført og sjaktene er undersøkt av arkeologane, vil jorda bli lagt på plass igjen.

 

 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 02.09.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering