Avvikling av NAV Storfjorden

-nav.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

 

Frå 1. januar 2020 vil ikkje NAV Storfjorden stå slik vi kjenner det i dag: grunna kommunesamanslåingar avviklast NAV Storfjorden frå 1. januar 2020. Skodje og Ørskog er med og dannar nye Ålesund kommune, og Stordal og Norddal slår seg saman til Fjord kommune.

Frå og med januar neste år, vil dei som til no har høyrt inn under NAV Storfjorden, få sine tenester av nye NAV Ålesund.

 

Siste opningsdag

I samband med avviklinga vert det endringar i tilbodet knytt til publikumsmottaka i dagens NAV Storfjorden.


Siste opningsdag for publikumsmottaka til NAV Storfjorden er:

  • Ørskog, onsdag 13. november 2019
  • Skodje, fredag 13. desember 2019
  • Valldal, onsdag 18. desember 2019

 

I tida fram til nyttår, vil samtalar med NAV-rettleiar bli gjennomført etter avtale.

I romjula vil NAV-rettleiarar vere til stades på rådhusa i Skodje og Ørskog for bistand i naudstilfelle.

 

For kontakt med NAV etter stenging av publikumsmottaka, sjå våre nettsider på nav.no,
eller NAV Kontaktsenter på telefon 55 55 33 33.

 

 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 08.11.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering