Bedriftsbesøk i Skodje

Bedriftsbesøk 26.1.2018 - Klikk for stort bilete

Ordførarane i Region Ålesund har i dag vore på bedriftsbesøk i Skodje.

Alle ordførarane i Region Ålesund var fredag 26. januar på besøk i Skodje. Dette er del av fleire besøk rundt i kommunane der regionen søker kunnskap om næringslivet og lærer kvarandre betre å kjenne.

 

Viddal Automasjon AS

Besøket begynte hos Viddal Automasjon AS på Håhjem, der Steffen Viddal – engasjert gründer og leiar, fortalte om bedrifta som han meiner er fremst i verda på fulldigitalisering av produksjon. Bedrifta er fire år gamal og har no fem tilsette, ein lærling og seks bachelorstudentar som skriv to bacheloroppgåver knytta til utviklinga av robotar og digitalisering av produksjon i eit vidt spekter av bedrifter.

 

Tesla

Hos Tesla på Digerneset fekk representantane frå regionen høyre om ein bilprodusent som også driv med solcelleteknologi i form av solcelletak og lagring av fornybar energi. Tesla har blant anna produsert verdas største batteri for lagring av solcelleenergi. Det står tilknytta ein solcellepark i Australia.

 

Volf Industrier AS

Region Ålesund var også innom Volf Industrier AS på Håhjem, som er ein av underleverandørane til Viddal Automasjon, og som produserer maskiner og utstyr i rustfritt stål, aluminium og svartjern.

 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 01.02.2018
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering