Bli med i kommunedelsutval

Kommunedelsutval  - Klikk for stort bilete Peder Otto Dybvik

 

Vil du vere med og skape utvikling i ditt lokalmiljø? Bli med i eit kommunedelsutval!

I eit kommunedelsutval møtest politikarar, innbyggarar, næringsliv og frivillige frå lag og organisasjonar for å saman arbeide for eit godt lokalmiljø.


Kommunedelsutvalet skal vere initiativtakar til - og talerøyr og lyttepost for - saker innbyggarane og nærmiljøet i kommunedelen er opptatte av. Utvala er både eit formelt og uformelt kontaktpunkt mellom innbyggarane og kommunen sine øvrige folkevalte organ, og mellom innbyggarane og kommunen.


Utvalet får eit eige budsjett som kan brukast til tiltak i og for lokalmiljøet. Kommunedelsutvalet skal legge til rette for at innbyggarane lettare kan vere med å uttale seg og bestemme i saker som gjeld kommunedelen.


Det er kommunestyret som vel medlemmane til kommunedelsutvala på sitt første møte i 2020. Forslag på kandidatar er det de som innbyggarar som foreslår. Du kan foreslå deg sjølv eller andre som du meiner passar. Kandidatane må ha eit engasjement for kommunedelen og for innbyggarane som bur der og vere opptatt av eit aktivt lokaldemokrati. Kommunedelsutvalet skal vere breitt samansett og ungdom ned til 14 år kan velgast.

 

Send inn forslag

Du sender inn ditt forslag innan 31. desember 2019 på skjema som du finn her: https://skjema.onacos.no/alesund/skjema/skjema/ALE004/

Ver eit fyrtårn for utvikling og framdrift og ver med i eit aktivt lokaldemokrati.
##DiLøysing_VårFramtid

Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering