Borgarleg vigsel

Rosebukett - Klikk for stort bilete

Planlegg de borgarleg bryllaup neste år? Frå 1. januar 2018 er det kommunane som tek over borgarleg vigselsmynde etter sorenskrivaren.

Stortinget vedtok i juni i år endringar i ekteskapsloven som inneber at ansvar for gjennomføring av borgarlege vigslar blir overført frå domstolene til kommunene. Lovendringa trer i kraft 1. januar 2018.

 

Desse kan vie

Frå 1. januar 2018 har ordførar Knut Helge Harstad, varaordførar Geir Peter Aure og rådmann Synnøve Vasstrand Synnes mynde til å vigsle brurepar i Ørskog kommune.

 

Ta kontakt med oss for å få vite kvar og når det er mogleg å gifte seg.

 

Vilkår for vigsel

Det er visse vilkår i ekteskapslova som må vere oppfylte for at ein skal kunne gifte seg.

Ekteskapslova

Forskrift om kommunale vigsler

 

Dette må de sende inn før vigselen

Før de gifter dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Det vil seie at de må sende inn ein del papir. Behandlingstida er to-tre veker, så ver ute i god tid før bryllaupet:

  • Eigenerklæring
  • Forlovarerklæring
  • Erklæring om skifte dersom du har vore gift før
  • Melding om endring av namn dersom du skal bytte namn

Alle desse skjemaene får du hos Skatteetaten.

Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap.

Etter at de har fått prøvingsattesten heim i posten, kan de ta kontakt med oss for å bestille vigsel. Attesten må ikkje vere eldre enn fire månader ved vigsel. Ørskog kommune skal ha originalen, ikkje ein kopi.

  • De må ha to vitne, og dei må vere til stades under seremonien. Vitna er gjerne forlovarane.
  • Brurepar og vitne/forlovarar må ha gyldig legitimasjon til vigselen. Vi godtar gyldig pass, norske førarkort og bankkort med bilete og personnummer. 

Spesielt for utanlandske statsborgar: Alle utanlandske statsborgarar må dokumentere lovleg opphald i Norge på vigselstidspunktet, og sende oss/levere prøvingsattest seinast ein dag før vigselen. Dette gjeld ikkje for nordiske borgarar. Vi kan utføre vigselen på engelsk, dersom dette er avtalt på førehand. 

 

Slik er seremonien

Vi tilbyr eit høveleg lokale på Ørskog rådhus og på Ørskog kulturhus og syt for det praktiske som oppsett, blomar og lys.

Møt opp i god tid før avtalt tid for vigsel. Vi har sett av om lag 15 minutt til kvart par. 
Vigslaren les "Det borgarlege vigslingsformularet". Deretter spør vigslaren dykk om de vil ha kvarandre til ektefeller. Til slutt underteiknar brudeparet, vitna og vigslaren vigselsprotokollen.

Kommunen sender deretter ei vigselmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet, med kopi til dykk. Denne fungerer som vigselattest fram til de får den endelege frå Folkeregisteret. 

 

Kunstnarlege innslag

Dersom de ønskjer kunstnarlege innslag under seremonien, til dømes musikk eller diktlesing, må de gi beskjed om dette på førehand.

 

Pris 

Tilbodet er gratis dersom minst ein av partane har bustadadresse i Ørskog kommune. Dette gjeld sjølv om du for tida er busett i utlandet.

Ønskjer du å leggje seremonien til eit tidspunkt eller ein stad som krev meir tid av den kommunale vigslaren, må du rekne med å dekke tilleggskostnader sjølv.

Dersom du ikkje bur i Ørskog, kan det medføre kostnadar. Dette får du vite når du tar kontakt med oss.

 

Slik tar du kontakt

Send ein e-post til oss på post@orskog.kommune.no der du oppgir:

  • Fullt namn, fødselsdato og adresse til brureparet.
  • Kva for ein dato de ønskjer å gifte dykk.
  • Kven de ønskjer skal vie dykk.
  • Om de ønskjer å halde seremonien på Ørskog rådhus eller kulturhus eller i anna sjølvvalt lokale.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 11.12.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering