Brannvernveke og open dag

Brannmannskapet i Ørskog - Klikk for stort bilete

Denne veka er det nasjonal brannvernveke der brannøvingar er eit hovudtema - all erfaring viser at det nyttar å øve!
Veka blir avslutta med open brannstasjon her i Ørskog laurdag den 22. september klokka 11-14.

På rundt 350 stadar over heile landet inviterar brannvesenet til open brannstasjon. Dette er lagt opp som ein familieaktivitet, der barn og vaksne får opplæring i korleis ein kan sikre heimen mot brann. Konkurransar, sløkkjedemonstrasjonar og brannbilar er noko av det ein kan oppleve.

 

Ørskog brannvesen inviterar

- Open brannstasjon gir oss eit høve til å formidle brannførebyggjande bodskap til publikum i ei tid på året da talet på bustadbrannar ofte er aukande. Om hausten trekkjer vi meir innandørs, og vi slår på lys og varme, fyrer i peisen og tenner levande lys, seier Michael Werner.

 

Brannvernveka vert arrangert av Norsk brannvernforening, DSB og If Skadeforsikring i samarbeid med brannvesenet. Mange stadar deltek også lokale If-kontor, det lokale el-tilsynet, sivilforsvaret, politi og ambulansetenesta.

I vårt distrikt er det Ørskog brann og redning som står for gjennomføringa av arrangementet. Her inviterer vi til open dag på Ørskog brannstasjon, Larsplassen 10 den 22. september klokka 11-14.

 

Oversikt over andre brannvesen som inviterer til open brannstasjon, fins på nettstaden www.brannvernuka.no.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 04.10.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering