Brua reparert og vegen nygrusa!

Nygrusa! - Klikk for stort bilete Ingebjørg Vestre

1. juni meldte oppsynsmannen om at brua over Midtelva framme på Vaksvikfjellet var ferdig reparert og nokre dagar etter vart vegen framover Kjersemfjellet grusa.

 

No er det fint å ta turen på fjellet og nyte den vakre naturen øvst i Vaksvika igjen!

Brua over Midtelva framme på Vaksvikfjellet vart skada av frost i vinter og vegen vart stengt i mai medan den vart reparert. Arbeidet innebar å fjerne heile brua, leggje ned røyr for så å byggje opp den opp att.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 18.06.2018
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering