Driveplikt for jordbruksareal

Stort jorde. - Klikk for stort bilete

Det er driveplikt for alt jordbruksareal. Ørskog kommune ved Nordre Sunnmøre Landbrukskontor startar no opp arbeidet med å sjekke at landbrukseigedomar i kommunen fyller krava til driveplikt.

Driveplikta kan oppfyllast gjennom at eigaren driver jordbruksareala sjølv, at jorda blir leigd vekk elles det kan søkast fritak. Blir jorda leigd vekk er det krav om skriftleg avtale på minst 10 år.

Bruker ein standard jordleigekontrakt er ein sikker på at lova sine krav til driveplikt er oppfylt. (PDF, 226 kB)

 

 

Meir informasjon

Her kan du lese meir utfyllande om driveplikt for jordbruksareal i Ørskog. (PDF, 200 kB)

 

Har du ytterlegare spørsmål, ta kontakt med Nordre Sunnmøre Landbrukskontor som held til i Ørskog rådhus.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 13.03.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering