Eit samfunn med respekt for kvarandre

Å få vere seg sjølv. - Klikk for stort bilete

Om under ei veke heiser ordførar regnbogeflagget utanfor Ørskog Kulturhus. 

Det bur over 7 milliardar menneske på jorda. 7 milliard individ med forskjellig veremåte, tankegang og levesett. Oppmodinga er: Ver raus med kvarandre, vis toleranse - sjå på det som eit gode at vi er forskjellig.

Tysdag 28. august  klokka 12.00 heiser ordførar regnbogeflagget utanfor Ørskog Kulturhus for å vise støtte til nettopp dette; at vi er eit samfunn med litt av alt.
Alle som har lyst og høve må gjerne ta turen nedom sentrum denne dagen. Etter flagget er heist, blir det filmframsyning inne på kinoen av "Bygdehomo".
Klokka 18.00 same kveld blir det filmframsyning med "Pride" - ein fantastisk film!

 

Samfunnet i endring

Vi skal ikkje veldig mange år tilbake før personar som bryt med normer for kjønn og seksualitet opplevde det som skambelagt og vart trakassert ved å stå fram i Noreg.

Psykiatrien meinte homoseksualitet i dominerende grad var ein kroppsleg og psykiatrisk sjukdom, og inntil 1972 var det forbode ved lov for menn å ha sex med menn. Fyrst etter at denne lova vart fjerna, byrja homofile og lesbiske å våge seg "ut av skapet".

 

I dag er det heldigvis ikkje slik - i Noreg. Homofili er fortsatt kriminelt i mange land, og nokre land praktiserer også dødsstraff. Transpersoner og andre som bryt forventningene til korleis ein mann eller ei kvinne skal sjå ut eller oppføre seg blir ofte skulda og straffa for uanstendig oppførsel. Difor er det viktige med markeringar som dette; for å bane veg for dei som ikkje kan, for å vise at vi står saman, for å feire mangfald og samhald i eit samfunn der det er like viktig i dag som tidlegare å ta vare på og sette pris på den fridomen vi har.

 

 

FRI har laga ein artikkel der du finn forklaring på sentrale begrep for å omtale personer som bryt med normer for kjønn og seksualitet.

 

Flaggheising i Ørskog

Å heise flagget i Ørskog tysdag 28. august klokka 12. handlar om synleggjering. Vi ynskjer å vise at Ørskog er inkluderende, mangfoldig, solidarisk og raus! Her skal det vere godt å leva som den ein er født til å vere.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 29.08.2018
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering