Exit lokaldemokrati?

Nye Ålesund - logo - Klikk for stort bilete

Nye Ålesund inviterer innbyggarar, næringsliv, lag og foreningar til å diskutere korleis vi saman kan utvikle lokalsamfunna i den nye kommunen.

Ei av målsettingane i kommunereforma er å få eit styrka lokaldemokrati. Dei kritiske røystene har hevda at større avstandar i den nye kommunen vil føre til at innbyggarane får mindre påverknad.

Den nye kommunen har vedtatt at vi skal ha kommunedelutval, men korleis skal vi organisere desse? Kven skal vere med og kva saker skal utvala ha ansvaret for? Å få til løysingar som sikrar at innbyggarane har reell påverknad på lokalsamfunnsutvikling, er ein avgjerande suksessfaktor for å ivareta lokaldemokratiet i den nye kommunen.

Dei eksisterande kommunane er kjenneteikna av mange engasjerte innbyggarar og organisasjonar med eit hjarte for lokalsamfunnet sitt. I dei ulike delane av den nye kommunen er det allereie etablert ulike strukturar for godt samarbeid mellom kommune, frivillig arbeid og næringsliv. Det er viktig å kunne bygge vidare på dei, samstundes som vi opnar for nye måtar å samhandle på.

Nye Ålesund inviterer til møte der alle kan vere med å bygge framtida i sitt lokalmiljø. Det vil bli korte innleiingar følgd av gruppediskusjonar.

 

Møtedatoar og stader:

2. mai: Skodje – Gomerhuset: 18.30 – 21.00

14. mai: Haram – ID huset: 18.30 – 20.00

15. mai: Ørskog – Kulturhuset: 18.30 – 20.00

22. mai: Ålesund – Bystyresalen, Ålesund rådhus: 18.30 -  20.00

24. mai: Sandøy – Sandøyhagen: 17.30 – 19.00

Det vil bli servering av forfriskningar og underhaldning.

 

Ditt engasjement i lokalmiljøet bygger framtida vår.

Velkomne!

 

Om du vil vite meir

For meir informasjon kontakt leiar i den politiske komiteen for Politisk organisering, innbyggarmedverknad og lokaldemokrati i nye Ålesund, Kari Grindvik: 997 05 856

 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 14.05.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering