EXIT lokaldemokrati?

Nydeleg ver! - Klikk for stort bilete

Det er meldt flott ver i morgon (også), men vi vonar likevel mange har ein halvannan time å avsjå i morgon ettermiddag/kveld for å saman sjå på framtida til Ørskog når vi no snart blir del av ein større kommune. Vi freistar med sveler og kaffi! Alle velkomne til Ørskog Kulturhus tysdag 15. klokka 18.30-20.00!

Nye Ålesund inviterer innbyggarar, næringsliv, lag og foreningar til å diskutere korleis vi saman kan utvikle lokalsamfunna i den nye kommunen.



Reell påverknad

Ei av målsettingane i kommunereforma er å få eit styrka lokaldemokrati. Dei kritiske røystene har hevda at større avstandar i den nye kommunen vil føre til at innbyggarane får mindre påverknad.
Den nye kommunen har vedtatt at vi skal ha kommunedelutval, men:

 

  • korleis skal vi organisere desse?
  • Kven skal vere med?
  • Kva saker skal utvala ha ansvaret for?
     


Å få til løysingar som sikrar at innbyggarane har reell påverknad på lokalsamfunnsutvikling, er ein avgjerande suksessfaktor for å ivareta lokaldemokratiet i den nye kommunen.
 


Med hjarte for Ørskog

Dei eksisterande kommunane er kjenneteikna av mange engasjerte innbyggarar og organisasjonar med eit hjarte for lokalsamfunnet sitt. I dei ulike delane av den nye kommunen er det allereie etablert ulike strukturar for godt samarbeid mellom kommune, frivillig arbeid og næringsliv. Det er viktig å kunne bygge vidare på dei, samstundes som vi opnar for nye måtar å samhandle på.
Nye Ålesund inviterer til møte der alle kan vere med å bygge framtida i sitt lokalmiljø. Det vil bli korte innleiingar følgd av gruppediskusjonar.

 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 16.05.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering