FIRST® LEGO® League i Ålesund

First Lego Leauge Ålesund  - Klikk for stort bilete Trine Helgå

 

600 spente elevar frå nye Ålesund er klare for FIRST® LEGO® League 9. november.

600 elevar frå 27 klassar i nye Ålesund har arbeidd lenge og godt med årets oppdrag CITY SHAPER. Oppdraget skal inspirere til nysgjerrigheit mellom anna rundt arkitektur. Laget skal peike på korleis vi bygg byane og bygdene våre for fremtida gjennom betre løysingar for transport, tilgjengelegheit og bygningskonstruksjoner.

Laga skal vise frem prosjektet sitt gjennom robotkøyring og blir vurderte ut frå teknisk gjennomføring, dei skal presentere oppdraget sitt for dommarane og blir også vurderte ut frå presentasjon, marknadsføring og kjerneverdiar.
 

Alle deltakarane får premie, og det blir gitt pokalar i kvar klasse. På slutten av dagen står vi igjen med ein vinnar som skal vere nye Ålesunds representant i den skandinaviske finalen av FIRST® LEGO® League, der laget møter andre vinnarar frå Skandinavia og Færøyene.
 

Finalen i FIRST® LEGO® League i nye Ålesund blir halde på NMK (Norsk Maritimt Kompetansesenter), Borgundvegen 340 i Ålesund. Inngang mot vest, mot gravplassen.

 

FIRST® LEGO® League i nye Ålesund er eit samarbeid ved Newtonrommet med NTNU, NMK og Sparebanken Møre.

 

Tidsplan laurdag 9. november

08.00 Dørene opnar
09.00 Presentasjon startar
09.10 Robotkøyring startar
10.00 Opningsseremoni
10.30 Presentasjonar og robotkøyring fortset
11.00 2. runde robotkøyring
13.00 3. runde robotkøyring
14.00 Kvartfinalar robotkøyring
14.25 Semifinalar robotkøyring
14.45Finale robotkøyring
15.15 Avslutningsseremoni

Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering