Flaum i Sjøholt sentrum

Flaum Årdalselva 3.jpg - Klikk for stort bilete  Vi har i dag ein utfordrande situasjon i forbindelse med flaum i Sjøholt sentrum

Publisert av Åse Karin Finnøy Gjære. Sist endra 11.01.2019

IMG_1100.JPG - Klikk for stort bilete Grunna tett overvassledning frå Årdalselva oppsto det flaum langs med og over europavegen i Sjøholt sentrum. Etter kvart vart undergangen og fylt opp med vatn på grunn av dette.

Uteseksjon saman med Brannmannskapet arbeider på spreng for å opne opp og avverge at vatn kjem inn i bygg, samt å tøme undergangen.

Vegvesenet er og på plass og saman med brannmannskapet i Ørskog er dei no plasserte ut for å dirigere trafikken over europavegen.

Ein vurderer no situasjonen til å vere under kontroll så langt, arbeidet vil pågå ut over dagen.

 

Treng du kontakt med kommunen i løpet av helga, ring vakttelefonen: 70 16 59 99.

Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering