Folkemøte gjennomført

Folkemøte om Møreaksen - Klikk for stort bilete

Gomerhuset i Skodje var nesten fullt då Skodje og Ørskog kommune inviterte til folkemøte om Møreaksen tysdag 23. januar.

Kjetil Strand frå Statens vegvesen fekk mange spørsmål og synspunkt frå salen når det gjaldt trasévalet frå Digernes til Vestnes. Fylkesplansjef Ole Helge Haugen snakka om samfunnskonsekvensar av Møreaksen. Valet av trasé er no ute til høyring og alle kan kome med sine synspunkt innan 28. februar. Dette legg grunnlaget for Samferdselsdepartementets beslutning i etterkant.

 

Statens vegvesen tilrår følgande trasé:

K3.1A - det vil seie veg i dagen mellom Digernes og Dragsundet om Valle, veg i dagen forbi Fylling, lang tunnel forbi Svartløkvatnet og veg i dagen om Tomrefjorden til Vik.

Gå inn på Statens vegvesen si side for å sjå alternativa til traseval.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 26.01.2018
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering