For ein flott gjeng!

Lukkelege utøvarar! - Klikk for stort bilete

Her vil vi gjerne få heva fram alle dei som stilte på UKM på Ørskog Kulturhus på søndag!

Lat oss starte med å seie at vi er så IMPONERT over kor mange flinke, arbeidsome og kjekke unge vi har her i Ørskog, og på søndag var eit godt knippe av dei representert:

 

Konferansierar

"Den viktigste eigenskapen til ein flink konferansier er å inkludere publikum i arrangementet ved å vise engasjement, entusiasme og bidra til ein god opplevelse. Ein erfaren konferansier førebur seg godt og lar talerane skinne." Våre konferansierar var 11 og 12 år, og ein skulle tru det var dei som denne definisjonen var skrevet etter. Vi hadde 2 fenomenale konferansierer som hadde budd seg heile veka – dei laga teksten sjølv, dei trong ikkje jukselapp på scena, dei la vekt på å vere positiv og rosande til deltakarane, samstundes som dei sjølve skinte der oppe på scena! Dei presenterte ein kjempefin programtekst som var godt innøvd og bandt forestillinga flott saman. Jentene hadde ein strålande dynamikk seg i mellom, og fekk vist at dei er både handlekraftig og løysningsorienterte!

 

Arrangørarar

Også i år var vi så heldig å ha unge arrangørar! Vi hadde ein oppvartande og støttande artistvert, som eigenhendig planla korleis ho best mogleg skulle ta vare på artistane. Ho rigga seg til med kjeks og brus bak scena og hjalp til å roe ned nervar før ein skulle på, og jubla saman med dei når dei gjekk av. Naturleg og trygg i rolla si og hadde eit stødig overblikk der ho trengtes.

Vår andre arbeidsame arrangør var på huset allereie laurdagen og hjalp til med førebuingane og deretter troppa opp som fyrstemann på søndag og solgte billettar og hjalp til der det trengtes ei hand. Ein ansvarsfull herre som tok rolla alvorleg og var sistemann som reiste heim.

 

Kunstnarar

Vi hadde kunstnarar som levert inn teikningar, både digitale og med blyant. Arbeid som dei hadde jobba på lenge - arbeid dei er stolte av, og det med rette! Det ligg mykje arbeid og sjel i det dei leverte, og det er gjennomarbeida og detaljert. Det var tankevekkande verk som tillet oss å bruke fantasien vår, til dømes i teikninga "Jente med dyr", som gav oss ei ro og kjensle av at naturen våker over oss. Detaljane er vakre og detaljerte. I "Story of my life" ser vi kontrasten mellom det kvardagslege papiret; eit ark revet ut av ei notatbok, og kunststaffeliet det står på. Effekten gjer at det lyfter bodskapen frå ei personleg ytring i ei skrivebok til å bli eit bodskap som angår oss alle. Det er ekte, det er inderleg og det er modig.
Vi hadde heimelaga naturtrommer der vi ser at det bak ligg ein spanande prosess som krev både tolmod, dediksjon og presisjon! Her er det mange ting som kan gå galt i prosessen fordi ein jobbar med levande materiale som er vanskeleg å kontrollere. Med trommene kan du sjå at det har blitt jobba med naturen; kunstnaren har vore tolmodig og venta til rett tid for bearbeiding - og vi blir imponert.

 

Sceneinnslag

Og om vi hadde sceneinnslag? – den yngste var 10! Ho var veldig spent, men ho hadde lyst å vere med på UKM, og hadde lagt seg ekstra i hardtrening. Så står ho der på scena og spelar Tir n'a Noir, så vakkert og røyrande at augene blir fuktig.

Vi hadde danserar på 12 år som hadde koreografert dansane sine sjølv! Ballett, hiphop, pop og moderne. Unge jenter og ein gut som har lagt i intensiv trening, delteke på danseworkshop, planlagt og gleda seg. Som er trygge, modige, flinke, strålande, og som viser ein kroppsbeherskelse, styrke og smidighet, rytmesans og innleving som vi berre skulle ynskje vi hadde ein ørliten flik av!

Og for ikkje å nemne dei som syng; det er orginalt, det er ekte og det er personleg. Dei likar å synge, dei er flinke og dei har lyst å vise fram det dei tykkjer er kjekt å halde på med. Og vi i publikum lar oss villig glede. Når dei så går ned frå scena og applausen, blir dei møtt av artistverten og får skryt og bifall der og! 

Vår eldste deltakar spelte piano og sang ein heilt eigenkomponert sang. Ho er 17 og har skrevet både melodi og tekst sjølv, og storimponerte oss som satt i salen med framføringa si!

 

 

Backstage Bilettsal Bjørk dansar Emilie spelar Tir n'a Noir 2 Fagpanelet fekk blomar Fagpanelet studerar Før det brakar laust Ida prima ballerina Intervju med Bjørk Intervju med Ida Jente med dyr Kaylar med eigen song Konferansierar i aksjon! Lukkelege utøvarar Maria med Lost boy Mohammed Nasib og Kaya Naturtrommer ene Oliver Scena i grønt lys Story of my life Trio - litt mørkt Våre fantastiske konferansierar

 

 

 

Og når ein veit at desse, i alderen mellom 10 og 17, -arrangørar, kunstnarar, konferansierar og artistar, byr så til de grader på seg sjølv, ja då fortener dei jammen og det den applausen dei får og litt hederleg omtale etterpå! Alle har fått tilsendt ei flott og personleg tilbakemelding frå fagpanelet.
Takk for alt de unge bidrar med, no gledar vi oss til neste år!

 

- Sørviskontoret & Musikkverkstaden -

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 26.02.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering