Foreldrebetaling barnehage

Barnehageleik - Klikk for stort bilete

Her finn du informasjon om:

  • Opphaldsbetaling
  • Kostpengar
  • Moderasjonsordning for søsken
  • Redusert foreldrebetaling
  • Gratis kjernetid for 3, 4 og 5-åringar

 

Opphaldsbetaling

Pris for full plass frå 1. januar 2018.                                                                                                             

Brutto årsinntekt over 533 500 kroner: 2.910,- kroner per månad.
Brutto årsinntekt under 533 500 kroner: Sjå redusert foreldrebetaling nedanfor.

 

Pris for redusert plass frå 1. januar 2018   
Årøyhaugen barnehage:  For firedagers plass er prisen kr. 2.665,- per månad og for tredagers plass kr. 2.025,- per månad.
Lande FUS AS barnehage: Ta kontakt med barnehagen for informasjon.

                                                                                                                                      

 

Kostpengar

Årøyhaugen barnehage: Det kostar kr. 300,- for mat per månad for full plass.
For fire dagers plass er prisen kr. 250,-  og for tredagersplass kr. 200,-                                                                                     

Lande FUS AS barnehage: Ta kontakt med barnehagen for informasjon.

 

 

Rekning for barnehageplass                                                                                                                

Det er 11 betalingsterminar i året, juli er betalingsfri. Betaling for inneverande månad, det vert sendt faktura før den 1. og med forfall den 20. i kvar månad. Ved for sein betaling vil ein få gebyr og renter.

 

Søskenmoderasjon

Søskenmoderasjon er 30 % for barn nummer to og 50 % for barn nummer tre. Søskenmoderasjon vert og gitt når søsken går i ulike barnehagar. Søsken må bu på same adresse for å få søskenmoderasjon.

 

Redusert foreldrebetaling

I 2015 vart det vedteke ny forskrift om foreldrebetaling for barnehageplass. Betalingssats skal maksimalt vere 6% av hushaldninga si samla inntekt. Som hushaldning reknar ein ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Når sambuar ikkje er mor eller far til barnet, skal sambuaren si inntekt reknast med når sambuarforholdet har vart i 12 av dei siste 18 månadane.
Familiar med årsinntekt under kr. 533 500 i 2017 kan søke for barnehageåret 2018/2019.

 

Gratis kjernetid

For barnehageåret 2018/2019 får 3-, 4- og 5-åringer som bur i hushaldningar med lavare årsinntekt enn
kr. 533 500,-  20 timars gratis opphaldstid i barnehage. Søker ein om redusert foreldrebetaling, vil søknaden også gjelde gratis kjernetid.

Her finn du søknadskjema for redusert foreldrebetaling


Dokumentasjonskrav som gjeld søknad om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

Alle skattepliktige inntekter skal oppgivast, det gjeld også inntekter som ikkje er førehandsutfylte på sjølvmeldinga. Dersom du ikkje har sjølvmelding for 2016 må du levere annan dokumentasjon.

Sjølvmeldinga eller likninga for 2017 skal lastast opp og sendast inn som vedlegg til det elektroniske skjemaet. Du finn sjølvmeldinga eller likninga som innlogga brukar på altinn.no eller skatteetaten.no.

Dersom du ikkje kan sende inn sjølvmeldinga elektronisk kan det elektroniske skjemaet skrivast ut, leggast ved sjølvmeldinga, og sendes inn med vanlig post til Ørskog kommune, Rådhuset, 6240 Ørskog. Du kan også levere søknadsskjema og sjølvmelding på Servicekontoret.

For å søke redusert betaling for barnehageåret 2018/2019 må du ha fått tildelt ein barnehageplass, og du må ha sjølvmelding eller likning for 2017.

Det kan leverast søknad i løpet av året, dersom ein får vesentlig reduksjon i inntekta eller familien opplever samlivsbrot.

Dersom foreldra har delt omsorg, skal inntekta i husstanden der barnet har folkeregisteradresse leggast til grunn.

Dersom du har plass i den private barnehagen i Ørskog, dvs Lande FUS AS barnehage,  men bur i ei anna kommune, skal du søke til kommunen der du og barnet bur.

Ørskog kommune er ansvarlig for handsaming av søknadane for både kommunale og private barnehagar. Private barnehager vil få informasjon om vedteken pris slik at dei kan fakturere korrekt beløp.

 

Søknad gjeld for eitt barnehageår

Vedtak om redusert foreldrebetaling gjeld for eitt barnehageår. Det må søkast på nytt før 1. juni kvart år. Er du for seint ute med å søke? Lever søknad snarast råd!

Søknader som ein får inn i løpet av året vert handsama fortløpande og reduksjon vil normalt gjelde frå påfølgande månad.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 08.06.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering