Foreldremøte om psykologisk førstehjelp

Raude og grøne tankar - Klikk for stort bilete

 

Onsdag 2. januar 2019 blir det fagdag for tilsette og temakveld for foreldre på Ørskog Kulturhus.

Prosjektgruppa. - Klikk for stort bilete

Ørskog kommune v/ Helseavdelinga har sidan 2017 jobba med eit to-årig prosjekt «Trygge barn i Ørskog» med midlar frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Fokuset er tidleg hjelp, systematisk avdekking og oppfølging av utsette barn. Målet er å utvikle og implementere ein digital modell som skal vere til hjelp i dette arbeidet for alle i kommunen som arbeider med/har kontakt med barn og unge.


 

Verktøy for ei god psykisk helse

Gjennom prosjektet får kommunen også høve til eit felles kompetanseløft for alle tilsette i barnehagar, skule, SFO, PPT, barnevern, Helseavdelinga og for foreldre i Ørskog. Vi har valt å satse på Psykologisk førstehjelp som er eit sjølvhjelpsverktøy for mestring av eigne følelsar. Verktøyet er utvikla av psykologspesialist Solfrid Raknes i samarbeid med sentrale fagfolk innan psykisk helsevern i Norge. Onsdag 2. januar 2019 kjem Raknes til Ørskog Kulturhus og held fagdag for tilsette og temakveld for foreldre. Raude og grøne tankar og enkle sjølvhjelpsteknikkar er kjernen i verktøyet som kan hjelpe barn og unge til å bli mindre sårbare, meir robuste følelsesmessig og meir rusta til å takle motgang og vanskelege situasjonar. Med andre ord; eit verktøy i arbeidet for ei god psykisk helse.

Temakvelden gir foreldre kunnskap om verktøyet slik at ein kan hjelpe eigne barn med å takle små og store utfordringar på ein god og hensiktsmessig måte. Sjå eiga annonse i Bygdebladet.

Foreldre, besteforeldre og andre interesserte er hjarteleg velkomne!

 

 

Med helsing

Prosjektgruppa for «Trygge barn i Ørskog»

Einingsleiar helseavdelinga Linda Hoff  Johansen

Einingsleiar Årøyhaugen barnehage Tone Mittet Dahl- Ystenes

Leiande helsesøster Sylvi Sjøholt

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 04.01.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering