Frå sentrumsdød til sentrumsglød!

Utstilling Levende lokaler - Klikk for stort bilete

 

Ørskog kommune  har fått låne ei veldig spanande og inspirerande utstilling utvikla av DogA, som fortel om prosjektet Levande Lokaler  - Korleis kan vi aktivere tomme lokale og skape liv i sentrum?

Utstillinga heiter Fra sentrumsdød til sentrumsglød.


Kva må til for å skape liv i ei gate? Korleis kan eit tomt lokale bli gjort om til ein attraktiv butikk, ein sosial møteplass eller eit kontorfellesskap? Kva slags innhold blir viktig i sentrumsområder i framtida, og korleis kan vi jobbe for å få det til? 
Kom og opplev ei inspirerende, lærerik og ikke minst lekker utstilling i det nettopp tomme lokalet, i austenden av Næringsbygget på Sjøholt. 

Saman med By- og regionforskningsinstituttet NIBR og kommunene Arendal, Lærdal og Tromsø har DOGA utforska nye metodar for å fylle tomme sentrumslokaler med nytt liv. To år etter er målet oppnådd; alle dei tomme lokala er fylt!

Samtidig har prosjektet også fungert som ein impuls til by- og stedsutvikling generelt, og skapt store ringvirkninger både for kommunene sin måte å jobbe på, innbyggarar og næringsliv.
Utstillinga Levende lokaler! Fra sentrumsdød til sentrumsglød, gir dei besøkande både inspirasjon og verktøy til å gjere det samme.

 

Lokal produksjon

Mange av eksempla i utstillinga viser lokalt produserte produkt. 

Vi ønskjer også å vise slike ting frå Sjøholt/Ørskog, så folk kan sjå både historiske produserte og ting laga her no. Her kan du sjå møbler frå Bjarne Hansen og Lied, tepper frå Eifa, og blåser frå Møreplast, mm.

 

 

Opningstider

Utstillinga opna sist fredag , og blir ståande til midten av desember.

Opningstider vil variere noko, men stort sett kvar dag frå 12-16. Vi vil informere via FB-sida til Sjøholt sentrum om endringar.

 

Her kan du sjå informasjonen og bilete som er lagt ut på facebook: https://www.facebook.com/SjoholtSentrum/

 

 

 

Psst! Måndag 19. november frå 18.30-20.30 er det sluttseminar på Parallelloppdraget over Sjøholt sentrum. Om du ikkje har høve til å få med deg det live, kan du frå og med tysdag 20. sjå forslaga til arkitektane i utstillinga her. Velkomne!!

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 21.11.2018
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering