Går saman for ein sunn sjø

NORAD nattevandring - Klikk for stort bilete

Ålesundregionen og nye Ålesund tar grep om plastproblematikken og går saman med næringa, akademia og organisasjoner for å redusere mengda plast i havet.

Laurdag 21. april arrangerer Norad nattevandring til Fjellstua under konferansefestivalen The North West. Nattevandringa markerer at nye Ålesund kommune har forplikta seg til FNs sitt berekraftmål nummer 14, «Livet under vann». Fellesnemnda for nye Ålesund kommune vedtok på sitt møte den 12. april ein nullvisjon for utslepp av plast i havet. Region Ålesund med kommunane Giske, Haram, Sandøy, Skodje, Sula, Ørskog og Ålesund har også forplikta seg til berekraftsmål nummer 14.

 

– Ålesundregionen har ein rik tradisjon og kultur for å hauste frå havet, og plast i havet er ein trussel mot livet i vatn. No er det på tide at alle tar sin del av ansvaret. Vi vil -  saman med næringa, akademia og kommunane i regionen, stå i bresjen for dette arbeidet. Vi håper også at innbyggarane vil bidra. Saman skal vi finne løysingar som skal hjelpe til med å halde havområdet i vår region plastfritt, seier leiar i fellesnemnda for nye Ålesund og ordførar i Ålesund kommune, Eva Vinje Aurdal.  

 

Skal markere startskotet

Startskotet for arbeidet vert markert med nattevandring, avfallsstasjon på Apotekertorget og rydding av Brosundet, allereie laurdag 21. april. Direktør i Norad, Jon Lomøy, set stor pris på at Ålesundsregionen knyter til seg berekraftsmål 14 og tar ansvar for forsøpling av havområda.

 

– Viktigheita av å bevare havområda kan ikkje understrekast nok og det er flott at nye Ålesund og Region Ålesund set dette på dagsordenen og knyter seg til arbeidet. I tillegg er det utruleg fint å sjå at næringsliv, organisasjonar og akademia er med på å samle seg om den viktige oppgåva med å gjere havet plastfritt, seier Lomøy.

 

Nattevandringa for FN sitt berekraftsmål startar laudag kl. 21.00 i Byparken i Ålesund, og blir avslutta med stemningsfull gratiskonsert med Jarle Bernhoft på toppen av byfjellet Aksla. Hugs å pakke med nok varme klede for ein kveld utandørs! Her kan du sjå facebook-arrangementet med meir praktisk informasjon.

 

Skal sørge for at søppelet hamnar på rett plass

Tidlegare laurdag 21. april kan alle kome til Apotekertorget for å sjå kva som finnst på sjøbotnen i Brosundet. Kl. 12.00 vil dykkarar frå Ålesund Sportsdykkerklubb og Ålesund Dykkesenter hjelpe til med å rydde Brosundet.

 

ÅRIM (Ålesundregionens interkommunale miljøselskap) vil vere til stades for å informere og formidle tips og råd til korleis sunnmøringar kan bidra til ein sunn sjø. I tillegg set Region Ålesund, ÅRIM og Norad opp ein avfallsstasjon på Apotekertorget merka med berekraftsmål 14, som skal sørgje for at søppelet hamnar på rett plass.

 

– Det siste året har vi opplevd at både enkeltmenneske, næringslivet og myndigheitene har vakna. Engasjementet har eksplodert, og vi ønskjer å få flest mogleg til å gå ut og heilt konkret rydde ei strand. Avfallet dei hentar, sender vi til gjenvinning, seier kommunikasjonssjef i ÅRIM, Ingeborg Ukkelberg.

 

– Vi trur at dykkarane kjem til å finne mykje rart i Brosundet. Vi vil snakke om problemet avfallet skaper når dette blir liggande i sjøen, men også om korleis vi kan redusere forsøplinga og korleis kvar og ein kan bidra, seier ho.

 

Open dag om berekraft

Fredag 20. april inviterer NTNU og Norad til open dag om berekraft på Terminalen Byscene. Arrangementet er ein del av konferansefestivalen The North West.  Programleiar er Eva Bratholm. Programmet for heile dagen finn du  på http://thenorthwest.no/program under program for fredagen.

 

Kontaktpersonar

Eva Vinje Aurdal, leiar i fellesnemnda i nye Ålesund kommune, tlf. 922 94 785

Ingeborg Ukkelberg, kommunikasjonssjef i Miljøselskapet ÅRIM, tlf. 911 14 435

Marte Lid, Norad, tlf. 480 69 804.

 

 

 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 24.04.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering