Gratis HPV-vaksine til unge kvinner

HPV.jpg - Klikk for stort bilete

Alle kvinner som er fødde i 1991 og seinare, får frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit toårig vaksinasjonsprogram.
Programmet starta opp i november 2016.
Vaksinen er tilrådd til unge kvinner for å førebyggje livmorhalskreft og forstadium til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, mesteparten av dei i ung alder.  Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men somme får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65­-100 døyr av sjukdomen. Vaksinen kan gi vern sjølv om ein har debutert seksuelt.  

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7. klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner som er fødde i 1991 og seinare, også få tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er mellombels og varer i ein toårsperiode frå hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedosar gitt over 6-12 månader og må difor startast opp innan utgangen av 2018.


Kvinner i målgruppa som ønskjer vaksinering kan kontakte Ørskog helsestasjon på tlf  70 27 36 90 for timeavtale. Ein kan også sende sms til 480 30 634, og helsesøster tar kontakt tilbake.


På Folkehelseinstituttet si nettside som du finn her, kan du finne meir informasjon om HPV og HPV-vaksine.

 

 

Publisert av Bente Gravem. Sist endra 06.11.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering