Har du fakturaavtale med kommunen?

Faktura-illustrasjon - Klikk for stort bilete

Det vil vere ei rekke tenester som blir berørt av overgangen til nye kommunar, her kjem informasjon om fakturaavtale.

Her kan du lese om tidlegare informasjon gitt om eigedomsinformasjon og kart.

 

Fakturaavtale med kommunen

Viss du har avtalegiro eller e-faktura for dei kommunale avgiftene kan du sjekke kva du må gjere her:

 

Har du avtalegiro og/eller e-fakturaavtaler med kommunen din?

  • Er avtalen inngått innan slutten av september 2019 vil han bli automatisk bli overført til nye Ålesund kommune.
  • Ønsker du ikkje å vidareføre avtalen i 2020, må du sjølv slette avtalen i nettbanken/banken din.

 

Ønsker du avtalegiro og/eller e-fakturaavtaler med nye Ålesund kommune?

  • Vent med å opprette avtaler i nettbak/banken din til etter 1. januar 2020. Nye avtaler i nettbank/bank med Ålesund kommune etter oktober 2019 blir ikkje overført automatisk.

 

Vil du vite meir om kva det vil seie å teikne ein avtalegiro og/eller e-fakturaavtale?

Det er mogeleg å kombinere avtalegiro og e-faktura. Du må då sende inn skjema for avtalegiro samtidig som du inngår e-fakturaavtale i nettbanken din. Då vil belastninga bli utført på forfallsdato med avtalegiro, og ein e-faktura med spesifikasjon av faktura vil fungere som varsel for betaling. Du vil få varsel på e-post når e-faktura er tilgjengeleg i nettbanken din.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 26.11.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering