#heiltmitt - todagars folkefest!

Prosjektgruppa - #heiltmitt - Klikk for stort bilete

 

Første søndag i 2020, den 5. januar, inviterar nye Ålesund innbyggarane til storfest for den nye kommunen. Og dagen etter møtast ikkje mindre enn 2500 ungdomsskoleelevar til ein felles fyrste skuledag i den nye kommunen.

- Det er klart at vi må markere den nye kommunen og Noregs største kommunesamanslåing, seier prosjektleiar for nye Ålesund kommune, Astrid Eidsvik.
Og skal ein markere fødselsdagen for ein ny kommune, så er det sjølvsagt innbyggarane det må handle om.

-    Vi inviterer til folkefest i Sparebanken Møre Arena. Der skal vi vere i lag og oppleve breidda av aktivitetar og moglegheiter i den nye kommunen, og vi lovar at det skal bli mykje som skal skje både på scena og på gulvet.

 

 

#heiltmitt

Medan nye Ålesund kommune i prosjektfasen har brukt emneknaggen «littmitt» i sosiale media, tar ein no i bruk «heiltmitt», som også blir namnet på arrangementet.

-    No startar kvardagen i nye Ålesund og vi er til for innbyggarane våre. Vi er heilt og haldent deira uansett kva kommune ein tidlegare har budd i, så no er det «heiltmitt» som gjeld.

 

Kva skjer?

Søndag 5. januar er alle innbyggarar velkomne til arrangementet i hallen. Det blir program frå scena og mingle- og myldreaktivitetar på golvet. Her kan du ta deg ein matbit og ein prat med både nye og gamle naboar, du kan få innblikk i aktivitetstilbod og møte ulike arbeidsplassar, og du kan få med deg noko av all den gode kulturen som innbyggarane i den nye kommunen skaper.

Det blir lagt opp til sceneshow med fleire bolkar slik at folk skal få få oppleve både det som skjer frå scena og det som skjer i salen. På scena skal det bli samspel på tvers av kunstuttrykk, alder og geografi. Programmet skal ta i bruk både unge, råe talent og etablerte og erfarne kunstnarar. Det skal vise fram noko av alt som finst rundt i heile den nye kommunen – og det skal underhalde og begeistre, vere gøy både for dei på scena og dei i salen.

 

Bli kjent med kvarandre og kommunen

Og måndag er det ungdomsskuleelevane i den nye kommunen sin tur. Då samlast alle dei 2500 elevane seg til første skuledag i den nye kommunen.

-    Og dette skal bli ein skuledag dei ikkje vil gløyme! Vi skal gi dei masse bra program og opplevingar samtidig som dei skal bli kjent kommunen og kvarandre. Og som programleiar har vi fått tak i Leo Ajkic.

Ei prosjektgruppe er no i arbeid for å få brikkane på plass når det gjeld aktivitetar, mat og program.

-    Målet er å få til ei feiring som er både folkefest og «pomp and circumstance». Vi gler oss til festdagane i januar og håper på mykje folk!

 

Prosjektgruppa

På bilete øvst ser du den dyktige prosjektgruppa, som held det heile i trådane:

Lin Marie Norberg Jacobsen frå kulturavdelinga i nye Ålesund kommune, kommunikasjonssjef i nye Ålesund, Anne Bente Skjellum, prosjektkoordinator Torill Myren og Linda Beate Hansen frå førebyggande tenester i nye Ålesund gler seg til å invitere til folkefest som skal vise fram noko av alt som finst rundt i heile den nye kommunen, som skal underhalde og begeistre og vere gøy både for dei på scena og dei i salen!

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 26.11.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering