Høyring om forskrifter

Digerneset - Klikk for stort bilete Peder Otto Dybvik

 

Fire forskrifter blir no lagt ut til høyring. Det gjeld gebyr for saker som gjeld forureirng, brenning av avfall, nedgravne oljetankar og feitthaldig avløpsvatn i avløp. Høyringsfristen er 11. november.

Høyring om Forskrift om gebyr for saksbehandling, kontroll og tilsyn etter forureiningsregelverket

Forskrifta omfattar gebyr for saksbehandling og kontroll/tilsyn med:
1.    opprydding i forureina grunn ved bygge- og gravearbeid
2.    utslepp av sanitært avløpsvatn frå bustadhus, hytter og liknande
3.    utslepp av kommunalt avløpsvatn frå mindre busetnadar
4.    utslepp/påslepp av oljehaldig vatn
5.    påslepp av feitthaldig avløpsvatn til offentleg avløpsnett
6.    forbod mot bruk av mineralolje (fossil olje og parafin) til oppvarming av bygningar

 

Her er sakspapira og forskrirfta som er til høyring (PDF).

Høyringsfrist: 11.11.2019.

Høyring – Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar

Føremålet med denne forskrifta er å hindre forureining og helseproblem i kommunen på grunn av bålbrenning og brenning av avfall i småomnar. Forskrifta skal klargjere kva som skal vere tillate av slik brenning.

Her er sakspapira og forslaget til forskrift (PDF)

Høyringsfrist: 11.11.2019.

Høyring om Forskrift om nedgravne oljetankar

Føremålet med denne forskrifta er å motverke fare for forureining frå nedgravne oljetankar. Forskrifta seier også noko om kva områder i kommunen forskrifta skal gjelde for og om størrelsen på tankar som er omfatta.

Her er sakspapira og forslaget til forskrift (PDF)

Høyringsfrist: 11.11.2019.

Høyring om  Forskrift om påslepp av feitthaldig avløpsvatn til offentlig avløpsnett

Føremålet med denne forskrifta er å sikre at kommunalt avløpsnett, pumpestasjonar og reinseanlegg ikkje skal få driftsproblem grunna påslepp av feitthaldig avløpsvatn.

Forskrifta skal sikre at feitt blir fjerna ved kjelda og ikkje blir tilført kommunalt avløpsnett. Forskrifta gjeld for alle verksemder som har påslepp av feitthaldig avløpsvatn, der påsleppet er større enn eit gjennomsnittleg hushald.

Her er sakspapir og forslaget til forskrift (PDF)

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 08.10.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering