Influensavaksina er komen

Influensa - Klikk for stort bilete

Det er no klart for vaksinasjon av pasientar med auka risiko for komplikasjonar, og andre som ønskjer den.

Ørskog legekontor har tilbod om vaksinering alle kvardagar.

 

Influensavaksine anbefalast spesielt for: 

  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine
  • Bebuarar i omsorgsboligar og sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Barn og vaksne med:
    • diabetes type 1 og 2
    • kronisk lungesjukdom, hjerte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsett immunforsvar
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annen alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

I tillegg anbefalast influensavaksine til:

  • Helsepersonell som har pasientkontakt
  • Husstandskontaktar til immunsupprimerte pasientar
  • Svinerøktera og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar

 

Publisert av Bente Gravem Holmeide. Sist endra 06.11.2018
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering