Influensavaksina

Influensa - Klikk for stort bilete

 

For nokre kan influensa gje alvorlege komplikasjonar. Helsegevinsten kan vere stor om du vaksinarar deg. Personar i risikogruppene bør ta vaksine mot influensa årleg.

Ørskog legekontor melder om at dei er lova influensavaksine sendt til seg i løpet av oktober, og tar sikte på start av vaksinering tysdag 29. oktober.

Du kan møte opp på legekontoret i opningstida alle kvardagar.

 

Desse personane er spesielt tilrådde å ta influensavaksine:

  • alle som har fylt 65 år
  • bebuarar i omsorgsbustadar og sjukeheim
  • gravide frå 12. veke i svangerskapet
  • barn og vaksne med: diabetes, luftvegssjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt, nyresvikt, nevrologisk sjukdom eller skade, nedsett immunforsvar, svært alvorleg fedme, anna alvorleg eller kronisk sjukdom

 

Her kan du lese meir informasjon frå folkehelseinstituttet. (PDF, 3 MB)

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 23.10.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering