Informasjonsmøte

Prosjektleiar Astrid Eidsvik inviterer alle tilsette til informasjonsmøte om framtidig organisering, bemanningsplanar og lokalisering slik at det blir mogleg å stille spørsmål til forslaga.

Astrid Eidsvik - Klikk for stort bilete

Møtet finn stad tysdag 26. februar på Ørskog Kulturhus frå klokka 20.00 til ca. 21.30

 

Politikarar og innbyggarar som har lyst til å kome på møtet er og velkomne!

.

Lokalisering

Forslag til lokalisering vart publisert førre veka og tillitsvalde hadde bemanningsplanar oppe til drøfting fredag 22. februar.
Lokaliseringsforslaget gjeld innan dei såkalla «ikkje-stadbundne» tenestene. Dette er i praksis kontorstillingar som ikkje er knytt opp til for eksempel skolar, sjukeheimar, barnehagar, helsetenester, utestyrker og beredskap med meir.


Arbeidet med bemanningsplanar handlar først om nivået under kommunalsjefane; seksjonsleiarar, avdelings- og teamleiarar og andre, før bemanningsplanar for heile organisasjonen blir lagde.

 

Velkomne!

 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 28.02.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering