Invitasjon til å foreslå gatenamn

Gult naust i prestefjøra - Klikk for stort bilete Charles Rankin

 

 

Ørskog kommune skal 1. januar 2020 bli ein del av nye Ålesund kommune. Det er fem kommunar som skal slå seg saman: Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund. Den nye kommunen vil få om lag 65 000 innbyggarar, og blir den største kommunen mellom Bergen og Trondheim.

 

Når fem kommunar skal slå seg saman vil det vere fleire gater med same namn, eller namn som er så like at dei må endrast. Tydelege og forskjellige gatenamn er viktig for blant anna effektiv utrykking frå naudetatane, og for å unngå forvirring blant innbyggarar og besøkande. Tenk berre på konsekvensane dersom naudetatane rykkar ut til feil stad på grunn av namneforvirring! Difor seier det nasjonale regelverket at alle gater, veger, stiar, plassar og område skal ha eit unikt namn innan kommunen. Det er rundt 40 vegnamn som er dei same i dei fem kommunane.

 

Nye namn

Fellesnemnda for nye Ålesund kommune har gitt den enkelte kommune ansvaret for å arbeide fram nye namn til dei aktuelle gatene. Namnenemnda i Ørskog ynskjer at innbyggarane i vår kommune skal få kome med forslag til aktuelle namn slik at alle kan få kome til orde og bli høyrde i denne saka. Representantar frå dei fem kommunane har arbeidd fram kva kriterier som skal ligge til grunn for å skifte gatenamn i dei fem kommunane, og fellesnemnda vedtok kriteria i sitt møte 14. september.

Forslag til namn sendast Post@orskog.kommune.no innan 31. desember.

  • Forslaget må grunngjevast.
  • For vegnamn som tilhøyrar ei gruppe av same type, til dømes treslag eller geografisk lokalisering, skal namnet som blir foreslått vere i same kategori.
  • Vi inviterer særleg dei som bur i gater som skal skifte namn om å kome med forslag.
     

Vegnamn som skal endrast

I kriteria er det lagt vekt på færrast mogleg endringar:

  • Kommunen med flest adresser knytt til eit vegnamn beheld namnet. Talet adresser knytt til næring blir lagt tyngre vekt på enn bustad, noko som vurderast ved skjønn.
  • For vegnamn som i ei gruppe av same type, til dømes treslag eller geografisk lokalisering, skal talet på vegnamn og talet på adresser leggast vekt på, samla sett. Kommunen med flest vegnamn og/eller flest adresser beheld namnet.
  • Ein kommune som naturleg kan erstatte eit vegnamn ved å tak i bruk namn på tilstøytande vegtrasé, beheld ikkje namnet.
  • Vegnamn med ein sterk posisjon for fleire enn innbyggarane, til dømes namn etter viktige personar og/eller namn av historisk tyding for det aktuelle geografiske området, beheld namnet.

Du finn lista over vegnamn som må endrast i dei enkelte kommunane på nettstaden nyealesund.no i nyheitssaken Desse vegane skal forandre namn.

 

Innkomne forslag

Namnenemnda vil vurdere forslaga som kjem inn. Dei aktuelle forslaga blir så sende til Språkrådet for ein uttale, og blir namnet godtatt der, så kjem forslaget opp til politisk behandling i kommunen i løpet av 2018.

Arbeidet med å få fem kommunar til å bli ein, er godt i gang. Mykje av det som er bestemt til no ligg på eit overordna politisk og administrativt nivå men framover vil det vere fleire avgjerder som skal takast der den nye kommunen ønsker synspunkt og råd direkte frå innbyggarane (og ikkje berre for dei folkevalde), for å få ei best mogleg løysing.

Du kan følge arbeidet med å bygge den nye kommunen på www.nyealesund.no eller følge Facebook-sida ‘Tilsette i nye Ålesund’, som er open for alle.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 30.11.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering