Kartlegging av friluftsområde

Kartlegging - Klikk for stort bilete

Ørskog er godt i gang med kartlegging og verdisetting av friluftsområda i kommunen.

Vi treng hjelp av lokalkjente folk i dei ulike områda for å fylle ut karta med aktuelle område for friluftsliv. Det kan vere små badekulpar, strender, fiskeplassar, stiar og turvegar vi ikkje kjenner.

Kart over heile kommunen ligg på Frivilligsentralen og er klare til å fylle på med informasjon.

 

Kom innom Frivilligsentralen og bidra med informasjon frå ditt nærmiljø. Velkommen!

Ta kontakt med Gunnhild Todal på tlf 97712943 så kan de avtale tid om ho ikkje er her akkurat når du kjem. Stiller gjerne på kveldstid.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 31.08.2018
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering