Kjekt for deg, til glede for andre!

Bringebærhjarte - Klikk for stort bilete

Det er mykje kjekt ein kan vere med på i Ørskog, både for barn og vaksne, men kanskje har vi ikkje heilt oversikt over alt som skjer?

Ei viss oversikt over lag og organisasjonar finn du på kommuna si heimeside, men den er nok ikkje heilt oppdatert. Hugs at du kan oppdatere informasjonen om ditt lag, og også få registrert hendingar under "Kva skjer?" Vanskeleg? Ta kontakt, Sørviskontoret hjelper deg!

Her skal du få ei lita innføring i kva eitt av desse laga bedriv her i kommunen!

 

Jobbar for bygda

Ørskog Bygdekvinnelag har arrangert kurs i til dømes lefsebaking og hoseband, dei har servert frukost til skuleelevane, dei deltek i regionmøter og får vere med på til dømes å utforme uttale til plassering av nytt sjukehus i fylket. Visste du at det er Bygdekvinnelaget som har betalt for amplane som skal henge i sentrum i år og at dei årleg arrangerer julebord for dei eldre? Eller at dei har vore med og gitt bidrag til maling av kyrkja? Alle pengane Bygdekvinnelaget får inn, gir dei ut att i gåver til bygda.

Arbeidet deira er variert og innhaldsrikt, men det som dei jobbar fast med gjennomheile året er kafé og bingo på Ingeborgstova på Steinholt. Kvar torsdag kl. 10 er det stor glede blandt dei eldre når dørene opnast, og det dufter av fersk bakst. Nytt for året er eit samarbeid med Frivilligsentralen: Bygdekvinnelaget står for kafeen, og frivillige står for bingoen. Er du i jobb, blir det sjølvsagt ikkje forventa at du stiller i kafeen, men kanskje du av og til har høve til å bake ei kake?
 

Bygdekvinnelaget er godt kjent for å vere ein pådrivar for levende bygder, sosiale tiltak og å dele kunnskap om spesielt mattradisjonane våre. Men visste du at dei og jobbar for inkludering av minoritetskvinner, at dei samarbeider med organisasjonen Utviklingsfondet og i år har eit samarbeidsprosjekt med fleire som omhandlar klimaet vårt?

Her kan du lese meir om aktuelle saker for Bygdekvinnelaget frå sentralt hald. Og her kan du lese oppskrifter på norsk tradisjonsmat.

 

 

5 grunnar til å melde seg inn:

Har du tenkt tanken på å melde deg inn i Bygdekvinnelaget?

Her skal du få 5 gode grunnar til å gjere nett det:

  1. Å vere med i eit bygdekvinnelag er sosialt og triveleg
  2. Du får delta i varierte og spanande aktivitetar
  3. Du kan engasjere deg og påvirke politikken i lokalsamfunnet
  4. Kvinnene (og også dei mannlege medlemmane!) hjelper og støttar kvarandre - i det nære, men også over landegrensene
  5. Du får vere med på å ta vare på og spre kunnskap om norsk matkultur og mattradisjoner
     

Ragnhild Giskemo er leiar i Ørskog Bygdekvinnelag og ho ynskjer fleire medlemmer. Mange medlemmer, og i alle aldrar! Ja, til og med menn kan melde seg inn i bygdekvinnelaget. Her blir ingen ekskludert.

 

Slik melder du deg inn:

Innmelding skjer via ei nettside.

"Mange treng Bygdekvinnelaget, og Bygdekvinnelaget treng alle." Her melder du deg inn.

Prisen for eit medlemskap er kr. 670,-

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 22.05.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering