Har du ein etablert bedrift eller har du nettopp starta?
No kan du søke om midlar frå kommunalt næringsfond i Ørskog kommune.
Søknad må sendast elektronisk via www.regionalforvaltning.no
Oppstartsamtale med kontaktperson i kommunen må vere avtala og gjennomført før ein kan søke.
Det er utarbeidd retningsliner (PDF, 25 kB) for tildeling av fondet, her kan du lese meir om kriteriar.
For meir informasjon, kontakt Åse Karin Gjære tlf 70 16 59 07 eller epost ase.karin.gjere@orskog.kommune.no