Kurs i andelslandbruk

Andelslandbruk - Klikk for stort bilete

NORSØK, Landbruk Nordvest og Norsk landbruksrådgiving Trøndelag arrangerer kurs i andelslandbruk våren og sommaren 2018. Kurset går over tre samlingar og er eit tilbod til bønder, gartnarar, andelshavarar eller andre interesserte som er i gang eller planlegg å starte opp andelslandbruk.

Kurset går over tre samlingar på Tingvoll Økopark på Nordmøre og på Skjetlein vgs og Medalhus andelslandbruk i Sør-Trøndelag.

 

 

Samlingar:

  • 1.-3. mars, Tingvoll
  • 12.-14. april, Tingvoll
  • 16.-18. august, Skjetlein/Melhus


Samlingane startar torsdag kl 18:00 og slutter lørdag kl 13:00.

Sjå info om kurset her: http://www.norsok.no/nyheter/2018/kurs-i-andelslandbruk-2018

 

Målgruppe:

Bønder, gartnarar, andelshavarar og andre interesserte som er i gang med eller planlegg å starte opp andelslandbruk. Det er ein fordel om to eller fleire frå same andelslandbruk eller initiativ kan delta slik at de kan jobbe saman om å utvikle sitt andelslandbruk.


Kursmål:

Målet for kurset er å gi kunnskap og inspirasjon til alle som vil starte eller er involvert i andelslandbruk.


 
Kurshaldarar:

Kirsty McKinnon frå Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK), Maud Grøtta fra Landbruk Nordvest og Olaug Bach fra Norsk Landbruksrådgiving Trøndelag. I tillegg kjem inviterte foredragshaldarar.
 


Kursavgift:

Kroner 3000,-  som inkluderar kaffi, te og litt pauseknask. Mat og overnatting kjem i tillegg. 
Rabatt dersom fleire frå same lag melder seg på.
Påmelding: www.deltager.no


Kontaktperson: Kirsty McKinnon, kirsty.mckinnon@norsok.no eller telefon 404 80 522.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 08.02.2018
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering