«Kva er viktig for deg»-dagen

Kva er viktig for deg? - Klikk for stort bilete

Den 6. juni stiller helsepersonell over heile landet pasientane det same spørsmålet: Kva er viktig for deg?

Ynskjet er å forstå kva som betyr noko for den enkelte, slik at ein kan sette pasienten i sentrum. Ved å flytte merksemda frå «Kva er i vegen med deg?» til «Kva er viktig for deg?», skal helsepersonell bidra til å endre fokuset ved å stille dette enkle spørsmålet.

 

På denne dagen skal alle ansatte i kommunehelsetjenesten og i spesialisthelsetjenesten oppfordres til å trene på å spørre alle sine brukere og pasienter om "Hva er viktig for deg?" – uavhengig av alder og kronisk sykdom.

 

Her i Ørskog vil vi ha disse markeringane i løpet av veka:

 

  • Onsdag 5.juni kl. 17 er det konsert med Gutta Boyz i kantina på Ørskog omsorgssenter(sjukeheimen) i regi av Den kulturelle spaserstokk
  • Torsdag 6.juni er det mykje som skjer: det blir bingo og kafè i regi av bygdekvinnelaget på Steinholt busenter, butenestene steiker vaflar på arbeidsstua med prat om temaet og det blir ei markering på Vekst Ørskog.
  • Fredag 7.juni kl. 11 er det bingo på omsorgssenteret (sjukeheimen)

 

Desse dagane samlast helse- og omsorgstilsette i Ørskog seg rundt temaet «Kva er viktig for deg?» og vil gå med buttons for å synleggjere at dette er noko dei set fokus på.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 20.06.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering