Lærarar tilsette i Newton Møre

Lærarar Newton Møre - Klikk for stort bilete

Bjørn Endre Helgesen og Kenny Solevåg-Hoti er tilsette som lærarar for Newton Møre. Dette er det første Newtonrommet i Møre og Romsdal, og det er nye Ålesund som driv og eig undervisningsrommet som ligg på NMK i Ålesund.

Bjørn Endre Helgesen har relevant kompetanse med ni års erfaring som realfagslærar ved Blindheim ungdomsskole i Ålesund. Han tok vidareutdanning ved Universitetet i Bergen 2014 - 2016 i regi av Skolelaboratoriet, der store delar av undervisninga foregjekk på Vitensenteret.

Kenny Solevåg-Hoti er utdanna lektor i realfag med spesialisering i matematikk og fysikk. Han har tidlegare utvikla eit digitalt læremiddel for Cappelen Damm/Inkrement AS, og har erfaring frå veiledning av studentar gjennom eksperiment på NTNU.

 

Newton Møre

Allereie etter påske vil det bli undervisningsaktivitet i Newtonrommet. Då skal rommet testast ut for bruk av utvalde elevgrupper frå alle kommunane i nye Ålesund.

I august vil Newtonrommet bli tatt i bruk for fullt, og vel 1 500 elevar i 6. og 9. klassetrinn får minst ein dag med undervisning i det nye undervisningsrommet.

Som det første i landet har Newtonrommet på NMK to humanoide robotar (robotar med menneskeleg form) som kan ”snakke” med besøkande. Det er også det første i sitt slag med fleire nye funksjonar, blant anna smartveggar, touchskjerm på glas, Active Floor (interaktivt gulv) og hologrammaskin (prosjektor som viser 3D-bilete i lufta).  

Nye Ålesund kommune eig og skal drifte Newton Møre. Det er inngått samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune, slik at også dei vil kunne bruke Newtonrommet i si undervisning. Newton- Newton-modulane undervisninga begynner med, er:

  • Robotar og matematikk (barnetrinn)
  • Fornybar energi (ungdomstrinn)

Etableringa av eit Newtonrommet har skjedd i samarbeid mellom NMK, Ålesund kommune - som representant for nye Ålesund, og lokalt næringsliv. Blant anna har Sparebanken Møre gått inn med 5 millionar kroner til etablering av konseptet og investering i utstyr og innreiing.

 

Om Newtonrom

Eit Newtonrom er eit praktisk og teknologisk velutstyrt undervisningslokale, med fokus på naturfag, matematikk og teknologi. I Newtonromma får elevane prøve ut tildels vanskeleg teori gjennom praktiske øvingar og forsøk.

Newtonkonseptet  er utvikla i samarbeid mellom stiftinga FIRST Scandinavia og ressurspersonar i norsk skule.  Målet er å gje barn og unge gode lærings- og meistringsopplevingar i naturfag, matematikk og teknologi. All undervisning er forankra i dei norske læreplanane.  Så langt er det etablert 34 Newtonrom i Norge; - dei fleste i nord i landet.  Hovudkontoret til FIRST Scandinavia ligg i Bodø.

Pressen er velkomne til å møte dei to nytilsette lærarane i Newtonrommet på NMK klokka 14.30, fredag 19. januar.

 

For meir informasjon kontakt:

Bjørn Endre Helgesen 412 16 979

Kenny Solevåg-Hoti 907 81 785

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 25.01.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering