Valet i 2019 skal gjennomførast som om nye Ålesund kommune er allereie er sett i drift. Alle som stemmer ved valet i 2019 skal velje representantar til kommunestyret i nye Ålesund kommune som trer i kraft 1. januar 2020.
Det skal veljast 77 representantar frå dei forskjellige partia til det nye kommunestyret.
Førehandsrøysting
-
Tidleg førehandsrøysting er frå 1. juli. (Merk at i denne perioden får du kun kryssa av på partiet du ynskjer stemme på - ikkje gitt personstemmer.)
-
Ordinær førehandsrøysting er i perioden 10. august-6. september.
Du kan førehandsrøyste i alle kommunar i landet. Oversikt over alle stemmestadane finn du på valglokaler.no
Men merk! På sjølvaste valdagen 9. september, kan du kun røyste i den kommunen du er registrert busett i per 30. juni. Har du adressa di i Bergen, kan du ikkje stemme i Ørskog. Men for innbyggarane i nye Ålesund, kan veljarane stemme der dei vil i kommunen også valdagen.
Døme: Er du folkeregistrert i Ørskog, kan du stemme i alle dei 14 stemmekretsane i nye Ålesund, både på førehand og på valdagen.
Fellesnemnda i nye Ålesund vedtok i møte 08.11.2018 desse 14 valkretsane i kommunen:
Valkretsar i nye Ålesund kommune
VALKRETS
|
STEMMESTAD
|
Hessa, Skarbøvik og Aspøy |
Skarbøvik ungdomsskole, gymsal |
Sentrum |
Ålesund rådhus |
Nørvøy, Nørvasund og Hatlane |
Larsgårdhallen |
Spjelkavik, Åse og Lerstad |
Spjelkavik idrettshall |
Indre Borgund (Blindheim, Flisnes og Emblem) |
Blindheim idrettshall |
Ellingsøy |
Ellingsøy idrettshall |
Skodje |
Gomerhuset |
Ørskog |
Ørskog Kulturhus |
Vatne og Tennfjord |
Eidet kulturhall |
Brattvåg, Hilde og Søvik |
Ingebrigt Davik-huset |
Lepsøy |
Lepsøy skule |
Haramsøya og Longva |
Haramsøy skule |
Fjørtoft |
Fjørtoft skule |
Sandøy |
Sandøytunet |
Du avgjer sjølv om du vil stemme ved både kommunestyrevalet og fylkestingsvalet, eller om du vil stemme berre til det eine valet. Du kan stemme berre ein gong.
Du vil finne stemmesetlar til begge vala i valavlukket.
Sjå elles informasjon om valet på nye Ålesund sine nettsider - der ligg mykje nyttig informasjon, mellom anna kven som står på listene.