#littmitt_nyeålesund

La oss bli kjende med kvarandre! Nye Ålesund har fått Instagramkonto. Del smått og stort frå din kommune og bruk tagen #littmitt_nyeålesund.

Nye Ålesund kommune på instagram - Klikk for stort bilete

Dei fem kommunane i nye Ålesund har fantastisk vakker natur, flotte menneske og gode tilbod til innbyggarane sine. Kvar kommune har særtrekk som er spesielle og unike for nettopp den kommunen, samtidig som vi kanskje er likare enn vi trur. Ved å bruke tagen #littmitt_nyeålesund kan vi vise kvarandre noko av det som skjer i vår eigen kommune, kva vi er stolte av og kva vi er opptatte av.

Er det forestilling på skulen? Er du på et interessant møte? På trening? Har du raka krabbe? Vore på padletur eller gått yngdlingsturen din? Del det med oss andre slik at vi blir betre kjent med deg og din kommune.

 

Mangfaldet i kommunane

Nye Ålesund er stolt av dei fem kommunane og det vi allereie har fått til saman. Vi vil gjerne vise fram det  vi kan tilby våre innbyggarar og dei som besøker oss. Vi håper du vil bidra til å vise fram mangfaldet, menneska og dagleglivet i den nye kommunen ved å bruke tagen #littmitt_nyeålesund på Instagram. 

Vi i nye Ålesund blir glade for alle bidrag og skal forsøke å løfte fram enkelte av bilda vi får inn gjennom vekene.

 

Meir informasjon?

For meir informasjon kontakt Christine Rørvik, kommunikasjonssjef i Ålesund kommune, mobil 920 61 198.

 

 

 

 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 02.08.2018
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering