Måndag startar førehandstemming

Stemme i urne 4.jpg - Klikk for stort bilete

9.september er det kommune- og fylkestingsval. Du kan stemme på førehand 12.august til 6.september.

Valet i 2019 skal gjennomførast som om nye Ålesund kommune allereie er sett i drift. Det vil sei at Ørskog vert ein av krinsane ved valet.


Alle som stemmer skal velje representantar til kommunestyret i nye Ålesund kommune som trer i kraft 1.januar 2020.

Det skal veljast 77 representantar frå dei ulike partia til det nye kommunestyret.

 

Kvar kan du stemme?

Du kan førehandstemme i alle kommunar i landet i perioden 12.august til 6.september. Du vel sjølv kva kommune og stad du vil stemme, men du må vere innført i manntalet i ein kommune i Norge.

Oversikt over alle stemmestadane i førehandstemmeperioden i Ålesund finn du på valglokaler.no og på denne lista: Tid og stad for førehandstemming

I helse- og sosialinstitusjonar der det blir halde val, kan alle som ønsker det møte opp for å stemme.
Desse finn du og på valglokaler.no

 

Førehandstemming utanriks er i perioden 1.juli - 30.august.

 

Generell informasjon om valet

Du finn generell informasjon om valet på Valgdirektoratet si nettside www.valg.no

Informasjon om valet i nye Ålesund, med vallister for dei ulike partia finn du på www.nyealesund.no/politikk/val

Sist endra 29.08.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering