Mobil miljøstasjon

Jente med batteri - Klikk for stort bilete

Tysdag 20. mars kl. 15.30-17.30 kan du levere inn ditt miljøfarlege avfall i Sjøholt sentrum. 

Mange produkt inneheld kjemiske stoff som kan vere skadelege for helse, natur og miljø. Andre produkt inneheld verdifulle metall og ressursar som kan brukast på ny. Når du leverer dette avfallet til ÅRIM så sørgar dei for at det miljøfarlege avfallet både blir gjenvunne og trygt behandla.

 

Dette kan du levere inn:

  • lysrøyr og lyspærer
  • måling, lim og lakk
  • løysemiddel
  • batteri
  • sprayboksar
  • småelektronikk
  • kablar og leidningar
  • elektriske greier

Er du i tvil om kva du kan levere, ta kontakt med ÅRIM: 70 31 41 00 eller post@arim.no

 

Dette kan den mobile miljøstasjonen diverre ikkje ta imot:

  • farleg byggeavfall som asbest, trykkimpregnert trevirke og vindauge
  • kvitevarer og elektronikk større enn ein microbølgeomn

 

Sjøholtstrand Miljøstasjon

Alt avfall som du ikkje kan levere til den mobile miljøstasjonen, kan du levere til ein bemanna stasjon.

Ørskog kommune har ein flott miljøstasjon som held til i underetasjen av Brabobygget, vest for Sjøholt sentrum. Opningstider er tysdagar og torsdagar frå 10-18. Første laurdag i månaden, f.o.m mars - t.o.m oktober: klokka 10-14.

Telefon: 912 43 489


Private husstandar kan kvitte seg med alle typar avfall her.

 

Du kan og nytte deg av andre miljøstasjonar, til dømes Bingsa, som er open måndag-laurdag. Hugs å ta med miljøstasjonskortet!
 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 27.02.2018
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering