Møt KommuneKari

KommuneKari - Klikk for stort bilete

Sørviskontoret har fått ein ny medarbeidar: Hels på chatboten KommuneKari!

Ho kan svare deg på spørsmål du måtte ha om kommunen sine tenester, søknadsfristar, kontaktinformasjon og opningstider. Ho jobbar heile døgeret, blir smartare for kvar dag og er alltid like blid!

Måndag denne veka vart KommuneKari satt i arbeid. Ørskog har tatt på seg oppdraget med å vere pilotkommune og teste ut chatboten på vegne av kommunane i nye Ålesund. 

Kari er enno under opplæring og kan ikkje riktig svare på alt, men teknologien hjelper ho til å svare betre etter kvart som det kjem inn nye spørsmål.

Arbeidet med å førebu Kari til å jobbe i kommunen starta for rundt 3 veker sidan. No er ho på prøve i Ørskog, og etter kvart - om ho svarer til forventningane, vil ho også bli tilsett i både Haram, Skodje, Sandøy og Ålesund.

 

Virtuell robot

Kommunekari er ikkje ein fysisk robot som du ser på film, men eit dataprogram som svarer på spørsmål du måtte ha til kommunen, til det tidspunktet som høver deg best. 

Kari er god på språkforståing, og forstår spørsmål uavhengig av dialekt og feilstaving.

Test ho gjerne litt ut - du finn ikonet nede til høgre, og gi direkte tilbakemelding ved å klikke på tommel opp eller tommel ned på svaret ho gir deg.

Om du ynskjer å gi ei meir spesifikk tilbakemelding, send ein e-post til: post@orskog.kommune.no

 

Du kan framleis snakke med oss!

Du er sjølvsagt framleis hjarteleg velkomen til å ta kontakt med Sørviskontoret!

Sørviskontoret er her framleis, og vi hjelper deg gjerne. Vi er her for deg frå 10 til 15 fem dagar i veka, KommuneKari er kun ei ekstrahjelp. Ei ekstrahjelp som er så glad i jobben sin at ho aldri går heim! Du kan difor få hjelp kvar einaste dag 24 timar i døgeret! Du bestemmer kva som passar deg best.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 05.07.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering