Namneforslag på høyring

Nye gatenamn - Klikk for stort bilete

Her kan du sjå Namnenemnda sine framlegg til dei 14 vegnamna som skal endrast i Ørskog.
I tillegg har det kome inn forslag på 2 nye vegnamn. Framlegga er sendt til Språkrådet for uttale.



Vi kunngjer og eit vedtak frå Kartverket vedrøyrande skrivemåte Pinå/Pina.

 

Vegnamn nye Ålesund kommune

Når fem kommunar skal slå seg saman vil det vere fleire vegar med same namn, eller namn som er så like at dei må endrast. For Ørskog sin del gjeld dette 14 tidlegare vedtekne vegnamn. Innbyggjarane vart inviterte til å foreslå nye vegnamn og fristen var 31.12.2017.

Namnenemnda i Ørskog har vurdert alle innkomne framlegg og vil kome med ei tilråding om nye namn saman med korte grunngjevingar:

Namnenemnda legg fram følgjande tilråding:

Noverande namn:

Framlegg nytt namn:


Merknad/grunngjeving:
 

Einavegen

Einabakkane

 

Eit mykje nytta og innarbeidd lokalt namn. Fleire har kome med dette framlegget.

Gjerdsvegen

Gjerdsbrauta

 

Vegen går til Gjerdsgardane. Vi held fast på Gjerds og byter vegen med brauta. Ei braut er ein bakke. Gjerdsbakken er ikkje aktuelt – jf. for likt med vegnamn i Haram.

Grytalivegen

Lauparvegen

Veg i retning kommunen sitt høgste fjell Lauparen. Innkome framlegg.

Idrettsvegen

 

 

Utbygginga av Sjøholt skule har medført at vegen no er borte.

Kleivavegen

Olausvegen

 

Olaus Jørgensen Abelset var med på Titanicforliset i 1912. Han vitna også i rettsaka etter forliset. Olaus kom frå øvste bruket på Kleivane. Å knytte hans namn til denne vegen er slett ikkje unaturleg. Innkome framlegg.

Kyrkjevegen

Ørskogvegen

Kyrkjevegen frå Ålesundsvegen til over Kyrkjebrua der vegen møter Prestegardsvegen. Nemnda ser det rett at ein veg i Ørskog får Ørskog-namnet . Vegen går sørover til garden Ørskog – Ørskog Prestegard m.m. Vegen går fram til innkøyringa til kyrkja/parkeringsplassen

Liavegen

Liagardsvegen

 

Nemnda vil ha med at dette er vegen til gardane Li. Naturleg vil då kunne vere nemnda sitt framlegg. Innkome framlegg/litt endra skrivemåte (ikkje d- tek med a).

Lyngvegen

 

 

På Sjøholtreitane. Mykje av vegen er gangveg. Eitt hus har adresse Lyngvegen. Nemnda gjer framlegg om at namnet vert teke vekk og at adressene vert knytta til Reitevegen/Einabakkane.

Nautsvegen

Presteøyra

 

Veg frå Ørskogvegen/Prestegardsvegen vestom kyrkja og langs naustrekkja. Det meste av vegen går over Presteøyra, eit lokalt innarbeidd namn: Prest + øyr.

Skogvegen

Skogen

Denne vegen bør vere knytta til områdenamnet Skogen. Nemnda tilrår dette også som vegnamn. Innarbeidd namn. Innkome framlegg.

Skulevegen

 


Frå Ryssebøvegen aust til skulen. Denne vegstubben treng ikkje eige namn. Ingen har adresse Skulevegen.

Smibakken

 

Nemnda gjer framlegg om at Smibakken går ut som vegnamn. Vi har namnet som områdenamn. Husstandane vert knytta til Prestegardsvegen.

Vestresætervegen

Vestrefjellvegen

 

Veg går til Vestresætra og i retning Vestrefjellet. Nemnda tilrår dette som nytt namn. Innkome framlegg.

Øvstevegen

Grimsmyrvegen

 

Veg frå Vestre om Grimsmyra til Vaksvika.

Høgste punkt på vegen – Grimsmyra på begge sider. Vegen går til og gjennom Grimsmyra. Godt og lokalt namn. Nemnda tilrår Grimsmyrvegen. Innkome framlegg.

 

 

Veg i Vaksvik – nytt kraftverk – nytt vegnam

Namnsetjing av ny veg frå Storfjordvegen til det nye kraftverket.

Namnenemnda tilrår at ny veg til nytt kraftverk i Vaksvik får eige namn og gjer framlegg om Kraftverkvegen.

 

Nytt vegnamn i bustadområde

Framlegg om nytt vegnamn i høve omarbeiding av vegen Jokumrenna, veg mellom Solnørdalsvegen og Amtskulevegen. Vidare mot vest er det planlagt fleire bustadar. Dette området/denne garden eigde spelmannen Jens Synnes og nemnda vil markere begge deler i  si tilråding.

Namnenemnda tilrår: Vegen frå Solnørdalsvegen (øvre del av Jokumrenna)  og vidare inn til bustadene vestover får eige namn: Synnesmarka. Nedre del av Jokumrenna til Amtskulevegen vert heitande Jokumrenna. 

 

Frist for innspel

Har du andre forslag eller merknadar til vegnamna, send desse til Ørskog kommune anten via e-post: post@orskog.kommune.no eller via post:

Ørskog kommune

Øyravegen 11
6240 Ørskog


Frist: 31.3.2018

 

Klagesak – Pinå/Pina

Klagenemnda for stadnamnsaker har i brev datert 05.01.18 imøtekome klaga med slikt vedtak:

Som skrivemåte vert fastsett PINÅ.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 20.02.2018
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering