Nasjonal brannvernveke

Brannmannskapet i Ørskog - Klikk for stort bilete

 

Denne veka er det nasjonal brannvernveke der brannøvingar er eit hovudtema - all erfaring viser at det nyttar å øve!

På rundt 350 stadar over heile landet inviterar brannvesenet til open brannstasjon. Dette er lagt opp som ein familieaktivitet, der barn og vaksne får opplæring i korleis ein kan sikre heimen mot brann. Konkurransar, sløkkjedemonstrasjonar og brannbilar er noko av det ein kan oppleve.

 

Ørskog brannvesen inviterar

Brannvernveka vert arrangert av Norsk brannvernforening, DSB og If Skadeforsikring i samarbeid med brannvesenet.

Ørskog brann og redning inviterar til open dag på brannstasjonen laurdag 21. september klokka 11-14. Då byr dei på kake, kaffi og saft, rebusløp og konkurranser. Lurer du på korleis brannbilen ser ut innvending eller kor tung brannhjelmane er? Det kan du finne ut på laurdag! Alle velkomne!  

For meir informasjon om arrangementet, klikk på lenka: https://www.facebook.com/%C3%98rskog-Brannvernforening-567556033742389/

 

- Open brannstasjon gir oss eit høve til å formidle brannførebyggjande bodskap til publikum i ei tid på året da talet på bustadbrannar ofte er aukande. Om hausten trekkjer vi meir innandørs, og vi slår på lys og varme, fyrer i peisen og tenner levande lys, seier brannmann og feiar Michael Werner.

 

Oversikt over andre brannvesen som inviterer til open brannstasjon, finn du på nettstaden: www.brannvernuka.no.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 27.09.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering